Nøkkelinformasjon
Nivå
Studiepoeng
Semester
Organisering
Undervisning ved lærestedetStudietempo
HeltidOpptakskrav
HING
Poenggrenser 2019
- Alle (primær)
- Alle (ordinær)
Studieplasser
30
Søknadskode (SO)
203005
Informasjonen kommer fra Samordna Opptak.
Om studiet
Ein automatiseringsingeniør kan konstruere, drifte og vedlikehalde automatiserte system. Dette er system som hentar data frå sensorar, og som overvaker, styrer og regulerer prosessar etter bestemte reglar og mål.
Ein ingeniør med utdanning innan automatisering med robotikk er godt rusta til å identifisere driftsproblem og finne løysingar på desse.
Utdanninga i automatisering gir ei god innføring i grunnleggande ingeniørfag, som generelle datafag, elektrofag, instrumentering og programmering av mikroprosessorar og programmerbar logisk styring (PLS). Studiet gir deg kunnskapar innanfor fagfeltet automatisering, med særleg vekt på instrumentering av større system, teoretisk og praktisk reguleringsteknikk, PLS-programmering, industrielle datasystem og industriell kommunikasjon.
Undervisningsopplegg
Vanlege arbeidsformer er forelesningar, rekneøvingar og laboratoriearbeid, og det blir både gruppearbeid og sjølvstudium. Laboratorieoppgåvene kan omfatte målingar av komponentar og prosessvariabler, simulering på datamaskin samt praktisk styring og regulering av industrielle prosesser.
Den avsluttande bacheloroppgåva blir vanlegvis utført i grupper på 2-4 personar. Prosjektet omfattar ei konkret ingeniørfagleg arbeidsoppgåve, ofte i samarbeid med næringslivet.