Nøkkelinformasjon

Studiested

Bergen

Nivå

Bachelor, 3 år

Studiepoeng

180.00

Semester

6

Organisering

Undervisning ved lærestedet

Studietempo

Heltid

Opptakskrav

MATRS

Poenggrenser 2020

  • 35.10 (primær)
  • 49.10 (ordinær)

Studieplasser

60

Søknadskode (SO)

203395

Informasjonen kommer fra Samordna Opptak.

Om studiet

Digitaliseringa i samfunnet skjer i rekordfart og behovet for arbeidskraft innan datateknologi er stort. Med ei IT-fagleg utdanning kan du vere med på å utvikle og digitalisere framtida.

Datasystem blir brukt på dei fleste områda i samfunnet, som for eksempel i helse og omsorg, nyhende og media, handel og energiforsyning. Med ei utdanning i informasjonsteknologi er difor arbeidsmoglegheitene mange.

Med ein bachelor i informasjonsteknologi vil du ofte kunne jobbe i tverrfaglege prosjekt saman med andre fagfolk. Likar du å samarbeide med andre og har sans for matematisk, logisk og systematisk tankegang? Vil du planlegge, programmere og drifte datasystem eller utvikle nye digitale løysingar? Då kan informasjonsteknologi vere studiet for deg!

Gjennom studiet lærer du

  • korleis datamaskiner fungerer
  • å programmere datamaskiner
  • å utvikle programvare frå enkle appar til store IT-system som til dømes Word og Facebook
  • korleis ulike einingar kan knytast saman i nettverk
  • om databasar og web-baserte system
  • om algoritmar, nye teknologiar og trendar som til dømes VR-teknologi, datagrafikk, kunstig intelligens og stordata 
  • kunnskap som er nyttig i samband med spelutvikling 

I siste del av studiet kan du velje å spesialisere deg innan programutvikling, drift av datasystem, web- og mobilteknologi, datagrafikk eller kunstig intelligens og algoritmar.

Vi tibyr denne utdanninga ved to campusar.Det kan vere lurt å søke begge stader.

Utdanninga har dei same samfunns- og IT-faga somdataingeniørutdanninga ved HVL Den IT-faglege kompetansen i dei to studia er dermed den same. Hovudforskjellen ligg i nokre av matematikkfaga og opptakskrava.

Undervisningsmåtar

IT-fag og programutvikling krev interesse og sans for matematikk, logisk og systematisk tankegang.

Arbeidsformene varierer mellom forelesingar, praktiske øvingar på datalab, praktiske prosjektoppgåver, sjølvstudium og gruppearbeid.

I siste del av studiet skriv du bacheloroppgåve saman med ein eller to medstudentar, der de skal utvikle eit lite datasystem. Tema for prosjektet blir ofte gitt som oppdrag frå næringslivet, og det kan også utførast utanlands.

Undervisningsopplegg

I 3. studieår kan du ha praksis i ei lokal bedrift. Du deltar aktivt i bedrifta sine daglege arbeidsoppgåver, og får verdifull og relevant praktisk erfaring frå arbeidslivet.

Opptaksinformasjon

15. april

Videre studier

Etter fullført bachelorstudium er du kvalifisert for å søke opptak til Master i programutvikling ved HVL, og andre masterutdanningar innan datafag/informatikk ved ulike utdanningsi

Karrieremuligheter

Det finst IT-relaterte jobbar og arbeidsoppgåver innan nær sagt alle bransjar. Du blir godt rusta for ein interessant jobb innan ein arbeidsmarknad som etterspør stadig meir IT-kompetanse, både i privat og offentleg sektor.

Du kan blant anna jobbe med

  • programmering, testing og utforming av brukargrensesnitt
  • utvikling av webbaserte system og mobile løysingar for smarttelefonar, nettbrett og liknande
  • innkjøp, installering, brukarrettleiing og drift av datautstyr og programvare

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i siste del av utdanninga.

Kvalifikasjon/tittel

Bachelor i informasjonsteknologi