Nøkkelinformasjon
Nivå
Studiepoeng
Semester
Organisering
Undervisning ved lærestedetStudietempo
HeltidOpptakskrav
GENS
Poenggrenser 2019
- 41.00 (primær)
- 48.00 (ordinær)
Studieplasser
40
Søknadskode (SO)
203700
Informasjonen kommer fra Samordna Opptak.
Om studiet
Som ergoterapeut arbeider du med menneske i alle aldrar som på grunn av sjukdom, skade eller andre utfordringar har vanskar med å meistre daglege aktivitetar og delta i samfunnet.
Ein ergoterapeut skal fremme deltaking i meiningsfulle aktivitetar ved å gjere bruk av kunnskap og ferdigheiter om korleis samspelet mellom person, aktivitet og miljø påvirkar aktivitetsutføringa. Aktivitets- og funksjonsanalyse, metodisk og terapeutisk bruk av aktivitet, trening, rettleiing, og tilrettelegging av omgjevnader og/eller aktivitet inngår i arbeidsoppgåvene til ergoterapeuten.
Som ergoterapeut arbeider du for å fremme helse, meistring, deltaking og livskvalitet. Dette krev at du har kunnskap om mellom anna psykologi, anatomi, fysiologi, sjukdomslære, etikk, pedagogikk, kommunikasjon og andre relaterte tema.
Utgangspunktet til ergoterapeutar ligg i mennesket sitt behov for å vere i aktivitet. Du vil vere nøkkelpersonell innan kvardagsrehabilitering, og skal tilrettelegge for at ein person eller ei gruppe kan fungere best mogleg i kvardagen.
Gjennom utdanninga lærer du:
- å vurdere menneske sin funksjon, aktivitetsutføring og omgjevnader
- korleis du brukar tiltak som behandling, opptrening, tilpassing av omgjevnader eller tekniske hjelpemiddel som trengst i heim, arbeid, skule og fritid
- Du har undervisning knytt til rehabilitering, kvardagsrehabilitering, velferdsteknologi, universell utforming, nevrologi, kroniske sjukdommar og grunngiving for intervensjon
Undervisningsopplegg
- 1. studieår: 3 dagar (introduksjonsveke) + 7 veker
- 2. studieår: 11 veker
- 3. studieår: 11 veker
Du må rekne med reising i fleire av praksisperiodane. Vi har praksisplassar i Sogn og Fjordane, Hordaland og Vest-Agder.