Nøkkelinformasjon

Lærestedets logo
Lærestedets logo

Studiested

Bergen

Nivå

Bachelor, 3 år

Studiepoeng

180.00

Semester

6

Organisering

Undervisning ved lærestedet

Studietempo

Heltid

Opptakskrav

BIOI

Poenggrenser 2020

  • 50.60 (primær)
  • 53.90 (ordinær)

Studieplasser

52

Søknadskode (SO)

203702

Informasjonen kommer fra Samordna Opptak.

Om studiet

Bioingeniøren har ansvar for ein viktig del av pasientomsorga, ved å bidra til å stille riktige diagnosar og overvake ulike former for medisinsk behandling.

Ein bioingeniør handterer og analyserer biologisk materiale, slik som blod, urin og vev ved å ta i bruk til tider avansert instrumentering. Kvalitetssikring av analyseresultat er ein viktig del av det bioingeniørfaglege arbeidet

Bioingeniørar har pasientkontakt ved blodprøvetaking, opplæring og rettleiing av ulike pasientgrupper. Du arbeider sjølvstendig, men samarbeider òg med andre bioingeniørar og anna helsepersonell.

Ved bioingeniørutdanninga får du utvikle medisinske, tekniske og metodiske kunnskapar og ferdigheiter. Du vil òg trene på viktige ferdigheiter som kommunikasjon, formidling og samarbeid.

Undervisningsopplegg

I tillegg til den teoretiske undervisninga og laboratoriekursa, får du rettleia praksisstudiar ved ulike medisinske laboratorium i Helse Vest. Her får du høve til å bli betre kjend med dei ulike medisinske laboratoria si rolle i helsevesenet og med utøving av yrket. Praksis ved medisinske laboratorium vil vere ein del av utdanninga i alle tre studieåra.

Her finn du informasjon om praksis.

Opptaksinformasjon

15. april

Læringsutbytte

Etter fullført og bestått studie har kandidaten følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.

Kunnskap:

Kandidaten

  • har brei kunnskap om kvantitative og kvalitative laboratorieteknikkar, metodar og analyseprosessar som nyttast i bioingeniørfagleg arbeid.
  • har kunnskap om utstyr, analyseinstrument, informasjonsteknologi og automasjonssystem som vert nytta i medisinske laboratorium.
  • har brei kunnskap om system for å sikre pålitelege analysesvar for ulike laboratoriemetodar, slik som interne kvalitetskontrollprogram og rutinar for analyseovervaking, samt har kunnskap om avgrensing og dei vanlegaste feilkjelder for ulike metodar.
  • har kunnskap om bruk av analyser og korleis resultat kan tolkast både i relasjon til kroppen sin normale funksjon og til sjukdom.
  • kjenner til vitskaplege metodar for forsking og utvikling innan bioingeniørfaget.
  • kan oppdatere kunnskap gjennom informasjonsinnhenting og i kontakt med fagmiljøet og yrkesfeltet.
  • kjenner laboratoriemedisinen sin plass i helsetenesta og bioingeniørfaget sin eigenart, inkludert historie og utvikling.

Ferdigheiter:

Kandidaten

  • har innsikt i praktiske og teoretiske bioingeniørfaglege problemstillingar og tar faglege val basert på kunnskap og resultat frå relevant forskings- og utviklingsarbeid.
  • kan bruke teknikkar og metodar, utstyr og instrument som vert nytta i medisinske laboratorium.
  • kan kvalitetssikre eige arbeid og vurdere laboratoriemetodane sine mogelegheiter, avgrensingar og feilkjelder.
  • kan sikre trygge blodprodukt og tappe blodgjevarar under rettleiing.
  • kan reflektere over eigen fagleg praksis, søke og ta imot rettleiing.
  • kan tileigne seg ny kunnskap, vere kritisk til fagstoff frå ulike kjelder og bruke kjelder på ein korrekt måte.
  • kan utføre kapillær- og venøs blodprøvetaking av vaksne etter gjeldande forskrifter, og bidra til at pasienten er trygg i prøvetakingssituasjonen.
  • kan bruke faglege uttrykksformer, kan innhente, dokumentere og formidle relevant fagstoff skriftleg og munnleg

Generell kompetanse:

Kandidaten

  • kan følge yrkesetiske retningslinjer og også reflektere over bioingeniørens bidrag til å oppnå berekraftsmåla.
  • kan planlegge og gjennomføre varierte bioingeniørfaglege arbeidsoppgåver, i tråd med gjeldande retningslinjer.
  • kan arbeide sjølvstendig, systematisk og nøyaktig etter gjeldande prosedyrar, lover og forskrifter.
  • kan innhente, dokumentere og formidle bioingeniørfagleg kunnskap gjennom munnleg og skriftleg presentasjon på norsk og basal engelsk.
  • kan arbeide tverrfagleg med andre yrkesgrupper til beste for pasienten, respektere individuelle og kulturelle ulikskapar og bidra til å sikre likeverdige helsetenester for alle grupper i samfunnet.
  • kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar og kan bidra til systematiske, kvalitetsbetrande og berekraftige arbeidsprosessar innan bioingeniørfaget.

Videre studier

Ved HVL kan du ta vidareutdanninga Medisinske laboratorieanalysar. Denne masterutdanninga kan integrerast i ulike masterstudium som master i innovasjon og entreprenørskap ved HVL eller master i helse og samfunn ved UiB.

Karrieremuligheter

Utdanninga kvalifiserer til autorisasjon som bioingeniør i høve til lov om helsepersonell

Som bioingeniør kan du arbeide innan alle typar av medisinske laboratorium, med moglegheit for ytterlegare spesialisering etter ferdig utdanning (spesialistgodkjenning - NITO) . Dei fleste bioingeniørane arbeider i medisinske laboratorium på sjukehus og i primærhelsetenesta, men bioingeniørar er òg kvalifisert til arbeid på laboratorium innan medisinsk industri, miljøretta helsevern, smittevern og medisinsk forsking, dyrevelferd, og forvaltning i offentleg sektor, gjerne innan mat, helse, vatn og avløp.

Utveksling

Som bioingeniørstudent ved HVL, kan du kan søke om å reise til ein av våre internasjonale samarbeidspartnarar for å utføre bacheloroppgåva i 6. semester. I nokre tilfelle kan du utvide utvekslingsopphaldet og i tillegg gjennomføre eksterne praksisstudium ved den samarbeidande utdanningsinstitusjonen.

Kvalifikasjon/tittel

Bachelor i bioingeniørfag

Alle utdanninger innen