Nøkkelinformasjon

Lærestedets logo
Lærestedets logo

Studiested

Bergen

Nivå

Bachelor, 3 år

Studiepoeng

180

Semester

6

Studieform

Nettstøttet, samlingsbasert

Studietempo

Deltid

Om studiet

Har du tatt 2-årig fagskule innan automatisering og ønsker å gå vidare med ei ingeniørutdanning kombinert med jobb? No kan du studere automatisering med robotikk gjennom eit fleksibelt nett- og samlingsbasert studium ved HVL.

Dette studiet gir vanlegvis 60 studiepoeng fritak basert på gjennomførte emne frå relevant studieretning på fagskulen. Studiet går då over 3 år, der du tar 20 studiepoeng per semester.

Dersom du ikkje tilfredsstiller innpass av totalt 60 studiepoeng frå fagskulen, kan du eventuelt bygge på med eitt eller fleire emne frå ingeniørutdanninga vår. Manglar du realfaga for å søke opptak, tilbyr vi eit nett- og samlingsbasert realfagskurs

Det er tilrettelagt for at studentar frå heile landet kan følgje utdanninga. Alle søkarar får tildelt studiestad Bergen, men det kan også vere samlingar utanfor Bergen. 

Kvifor studere automatisering med robotikk?

Utvikling, drift og optimalisering av alt som skjer automatisk er kvardagen til ein automatiseringsingeniør. I dette yrket kan du utvikle ny, spennande og berekraftig teknologi som formar framtida.

Har du tenkt på korleis ein koffert blir transportert automatisk frå du legg den på rullebandet på flyplassen, til den hamnar i lasterommet på flyet? Eller korleis ein utviklar robotar som forenklar kvardagen til folk og fornyar arbeidslivet? Du har kanskje høyrt om autonome fartøy, og er nysgjerrig på korleis slike ting blir laga?

Som det ligg i namnet, handlar dette fagfeltet om å gjere prosessar og system automatiske. Automatisering er eit framtidsretta fag. Gjennom å utvikle robotar og automatiserte anlegg, bidreg automatiseringsingeniøren til auka effektivitet, sikkerheit og kvalitet og i ulike delar av næringslivet.

Effektive prosessar gir mindre sløsing og mindre forureining, noko som er ein føresetnad for å nå FNs berekraftsmål. Automatiseringsingeniøren er ein viktig bidragsytar i å bygge oppunder dette arbeidet.

Korleis er undervisninga?

Studiet er samlingsbasert med nettundervisning mellom samlingane. I løpet av eit semester vil det vere inntil fire samlingar. Ei vanleg samling vil vere på maksimalt tre dagar, og samlingane vil i dei fleste tilfella finne stad på ein av campusane våre.

Det er lagt opp til varierte arbeidsformer både når studentane er samla og når studentane arbeider på eiga hand. Studiet stiller høge krav til sjølvstende og eigenaktivitet ut over organisert undervisning.

I emne som er felles for i elkraftteknikk og automatisering med robotikk, vil klassane ha felles opplegg for undervisning. Nokre eksamenar vil kunne bli arrangert på campus. Emna i studieplanen er lik emna i ordinært studieløp.

Den avsluttande bacheloroppgåva blir vanlegvis utført i små grupper. Prosjektet omfattar ei konkret ingeniørfagleg arbeidsoppgåve, ofte i samarbeid med næringslivet.

Studiets oppbygging

Vil du studere vidare?

Etter fullført studium får du graden bachelor i ingeniørfag. Dette gir deg høve til å søke opptak på mastergrader og vidareutdanningar innan ingeniørfag både nasjonalt og internasjonalt. Ved HVL kan du til dømes gå vidare på ein mastergrad i innovasjon og entreprenørskap.

Utveksling

Utdanninga samarbeider med institusjonar i Sveits (CERN), Spania, USA og New Zealand. Mot slutten av studiet er det mogleg å dra på utveksling til ein av desse institusjonane.

Opptakskrav

Fullført og bestått 2-årig teknisk fagskole i automatisering. Matematikk R1+R2 og Fysikk 1

Bestått teknisk fagskole frå tidlegare strukturar oppfyller kvalifikasjonskrava.

Dei fleste fagskolekandidatane vil få 60 studiepoeng fritak for emne som er gjennomført ved fagskulen, i tråd med § 5 Fritaksbestemmelser i Forskrift om rammeplan for ingeniørutdanning. Studentar som ikkje får fritak for emne tilsvarande 60 studiepoeng, vil få eit lengre studieløp.

Karrieremuligheter

Kva kan du jobbe med?

Ein automatiseringsingeniør utviklar, driftar og held ved like system som grovt sett kan delast inn i tre grupper.

Den første gruppa kallast gjerne stykkautomatisering. Denne typen automatisering plukkar til dømes deler og set det saman til eit produkt på eit samleband.

Den andre typen automatisering er prosessautomatisering. Denne typen automatisering passar til dømes på at trykk, temperatur og nivå er ideelle for å oppnå jamn og god kvalitet på produkta i prosessindustrien.

Den tredje gruppa er robotikk. Dette er system som kan utføre mange ulike oppgåver med same utstyr, men med ulik programvare.

Som automatiseringsingeniør med robotikk kan du arbeide innan mekanisk industri, produksjonsindustri, prosessindustri, byggautomatisering, kraftproduksjon, havbruksnæring og mykje meir. Ferdig utdanna kandidatar har fått seg jobb i verksemder som ABB, Framo eller Hansa Borg Bryggerier, for å nemne nokre.

I framtida kjem vi til å sjå meir til robotar som samhandlar med menneske (coboter). Det blir også meir kommuniserande og samarbeidande produkt med innebygd sensorikk og intelligens (Industri 4.0 og IoT). Alt dette er og blir den spennande arbeidskvardagen til automatiseringsingeniøren.

Alle utdanninger innen