Nøkkelinformasjon

Lærestedets logo
Lærestedets logo

Studiested

Haugesund

Nivå

Bachelor, 3 år

Studiepoeng

180

Semester

6

Om studiet

Har du fagbrev innan elektrofag? I Haugesund kan du ta ingeniørutdanning innan automatisering med robotikk gjennom den såkalla Y-vegen. Det vil seie at studiet har relevant fagbrev som opptaksgrunnlag i staden for generell studiekompetanse.

Kvifor studere automatisering med robotikk?

Utvikling, drift og optimalisering av alt som skjer automatisk er kvardagen til ein automatiseringsingeniør. I dette yrket kan du utvikle ny, spennande og berekraftig teknologi som formar framtida.

Har du tenkt på korleis ein koffert blir transportert automatisk frå du legg den på rullebandet på flyplassen, til den hamnar i lasterommet på flyet? Eller korleis ein utviklar robotar som forenklar kvardagen til folk og fornyar arbeidslivet? Du har kanskje høyrt om autonome fartøy, og er nysgjerrig på korleis slike ting blir laga?

Som det ligg i namnet, handlar dette fagfeltet om å gjere prosessar og system automatiske. Automatisering er eit framtidsretta fag. Gjennom å utvikle robotar og automatiserte anlegg, bidreg automatiseringsingeniøren til auka effektivitet, sikkerheit og kvalitet og i ulike delar av næringslivet.

Effektive prosessar gir mindre sløsing og mindre forureining, noko som er ein føresetnad for å nå FNs berekraftsmål. Automatiseringsingeniøren er ein viktig bidragsytar for å bygge oppunder dette arbeidet.

Som studiestad er Haugesund er ein liten by med mange storbykvalitetar. Høgskulen sine lokale ligg midt i sentrum. Her er det lagt godt til rette for å jobbe saman med medstudentar og ikkje minst fagmiljøet vårt.

Korleis er undervisninga?

Y-vegen er eit fagleg og pedagogisk tilpassa opplegg, der det blir kompensert for manglande bakgrunn innan matematikk, fysikk, norsk og engelsk. Fagleg innhald følger rammeplanen gitt av Kunnskapsdepartementet.

Undervisninga startar med sommarkurs i matematikk. I 2022 startar sommarkurset 21. juni og har eksamen 9. august.

Vanlege arbeidsformer er førelesningar, rekneøvingar og laboratoriearbeid. Du tileignar deg kunnskap både i klasse, gjennom gruppearbeid og sjølvstudium.

Den avsluttande bacheloroppgåva blir vanlegvis utført i små grupper. Prosjektet omfattar ei konkret ingeniørfagleg arbeidsoppgåve, ofte i samarbeid med næringslivet.

Studiets oppbygging

Vil du studere vidare?

Etter fullført studium får du graden bachelor i ingeniørfag. Dette gir deg høve til å søke opptak på mastergrader og vidareutdanningar innan ingeniørfag både nasjonalt og internasjonalt. Ved HVL kan du til dømes gå vidare på ein mastergrad i innovasjon og entreprenørskap.

Utveksling

Utdanninga samarbeider med institusjonar i Sveits (CERN), Spania, USA, Canada og New Zealand. Mot slutten av studiet er det mogleg å dra på utveksling til ein av desse institusjonane

Opptakskrav

Søkarar må ha eitt av følgjande:

1) relevant vidaregåande yrkesfagleg utdanning med læretid i bedrift og fagbrev innan elektrofag,

ELLER

2) relevant vidaregåande yrkesfagleg utdanning innan elektrofag med fagprøve etter 3-årig skule og minst eitt års praksis etter fagprøven.

Opptak til Automatisering med robotikk Y-veg skjer lokalt til høgskulen. Søknad saman med aktuell dokumentasjon skal registrerast i høgskulens Søknadsweb innan søknadsfristen. Søkarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fag-/svenneprøve etter opptaksfristen kan bli tildelt plass på vilkår om bestått prøve.

Karrieremuligheter

Kva kan du jobbe med?

En automatiseringsingeniør utviklar, driftar og held ved like system som grovt sett kan delast inn i tre grupper.

Den første gruppa kallast gjerne stykkautomatisering. Denne typen automatisering plukkar til dømes deler og set det saman til eit produkt på eit samleband.

Den andre typen automatisering er prosessautomatisering. Denne typen automatisering passar til dømes på at trykk, temperatur og nivå er ideelle for å oppnå jamn og god kvalitet på produkta i prosessindustrien.

Den tredje gruppa er robotikk. Dette er system som kan utføre mange ulike oppgåver med same utstyr, men med ulik programvare.

Som automatiseringsingeniør med robotikk kan du arbeide innan mekanisk industri, produksjonsindustri, prosessindustri, byggautomatisering, kraftproduksjon, havbruksnæring og mykje meir. Ferdig utdanna kandidatar har fått seg jobb i verksemder som til dømes ABB, Framo eller Hansa Borg Bryggeri, for å nemne nokre.

I framtida kjem vi til å sjå meir til robotar som samhandlar med menneske (coboter). Det blir også meir kommuniserande og samarbeidande produkt med innebygd sensorikk og intelligens (Industri 4.0 og IoT). Alt dette er og blir den spennande arbeidskvardagen til automatiseringsingeniøren.

Utveksling

Australia | James Cook University | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10489

Finland | South-Eastern Finland University of Applied Sciences - XAMK | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10490

New Zealand | Auckland University of Technology | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=591

Polen | Silesian University of Technology | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10400

Tyskland | Bingen University of Applied Sciences | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10370

Tyskland | Ingolstadt University of Applied Sciences | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10377

Tyskland | Hamm-Lippstadt University of Applied Sciences | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10478

USA | San Diego State University | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10462

Alle utdanninger innen