Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
19. september 2023.


Om studiet
Kvifor studere automatisering med robotikk?
Utvikling, drift og optimalisering av alt som skjer automatisk er kvardagen til ein automatiseringsingeniør. I dette yrket kan du utvikle ny, spennande og berekraftig teknologi som formar framtida.
Har du tenkt på korleis ein koffert blir transportert automatisk frå du legg den på rullebandet på flyplassen, til den hamnar i lasterommet på flyet? Eller korleis ein utviklar robotar som forenklar kvardagen til folk og fornyar arbeidslivet? Du har kanskje høyrt om autonome fartøy, og er nysgjerrig på korleis slike ting blir laga?
Som det ligg i namnet, handlar dette fagfeltet om å gjere prosessar og system automatiske. Automatisering er eit framtidsretta fag. Gjennom å utvikle robotar og automatiserte anlegg, bidreg automatiseringsingeniøren til auka effektivitet, sikkerheit og kvalitet og i ulike delar av næringslivet.
Effektive prosessar gir mindre sløsing og mindre forureining, noko som er ein føresetnad for å nå FNs berekraftsmål. Automatiseringsingeniøren er ein viktig bidragsytar for å bygge oppunder dette arbeidet.
Kva er y-vegen?
I Førde kan du bli automatiseringsingeniør gjennom den såkalla y-vegen. Dette passar for deg som har yrkesfagleg utdanning med relevant fagbrev.
Du startar med eit mattekurs på 6 veker (måndag-fredag) sommaren før du begynner på utdanninga. Sommarkurset 2023 startar måndag 26. juni og har eksamen 4. august. Du tar fysikken første semesteret, og norsk i løpet av det første året.
Ved å ta y-vegen blir du ingeniør på 3 år.
Ønsker du å ta y-vegen, søker du direkte til HVL gjennom Søknadsweb og ikkje gjennom Samordna opptak.
Studere automatisering i Førde?
Automatisering med robotikk gjennom y-vegen kan du studere i Førde eller Haugesund.
På Campus Førde får du tilgang til nokre av verdas mest avanserte robotar til undervisning og forsking, og eit internasjonalt anerkjent forskingsmiljø som jobbar tett saman med næringslivet om studentoppgåver og sommarjobbar.
Studentjobb i Førde
Få jobb mens du studerer! I Førde har du moglegheita til å få ein relevant deltidsjobb ved sida av studia. Les meir om studentjobb.
Studiets oppbygging
Ulike typar elektroingeniør
Automatisering med robotikk er ein av spesialiseringane du kan velje som elektroingeniør. HVL har også tre andre spesialiseringar du kan velgje om du vil bli elektroingeniør:
Korleis er undervisninga?
Y-vegen er eit fagleg og pedagogisk tilpassa opplegg, der det blir kompensert for manglande bakgrunn innan matematikk, fysikk, norsk og engelsk.
Undervisninga vil starte opp i juni med sommarkurs i matematikk. Du vil få nærare informasjon om oppstartsdato.
Vanlege arbeidsformer er førelesningar, rekneøvingar og laboratoriearbeid. Du tileignar deg kunnskap både i klasse, gjennom gruppearbeid og sjølvstudium.
Den avsluttande bacheloroppgåva blir vanlegvis utført i grupper på inntil fire personar. Prosjektet omfattar ei konkret ingeniørfagleg arbeidsoppgåve, ofte i samarbeid med næringslivet.
Utveksling
Utdanninga samarbeider med institusjonar i Sveits (CERN), Spania, USA, Canada og New Zealand. Mot slutten av studiet er det mogleg å dra på utveksling til ein av desse institusjonane.
Opptakskrav
Søkarar må ha eitt av følgjande:
1) relevant vidaregåande yrkesfagleg utdanning med læretid i bedrift og fagbrev innan elektrofag,
ELLER
2) relevant vidaregåande yrkesfagleg utdanning innan elektrofag med fagprøve etter 3-årig skule og minst eitt års praksis etter fagprøven.
Opptak til Automatisering med robotikk Y-veg skjer lokalt til høgskulen. Søknad saman med aktuell dokumentasjon skal registrerast i høgskulens Søknadsweb innan søknadsfristen. Søkarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fag-/svenneprøve etter opptaksfristen kan bli tildelt plass på vilkår om bestått prøve.
Karrieremuligheter
Kva kan du jobbe med?
En automatiseringsingeniør utviklar, driftar og held ved like system som grovt sett kan delast inn i tre grupper.
Den første gruppa kallast gjerne stykkautomatisering. Denne typen automatisering plukkar til dømes deler og set det saman til eit produkt på eit samleband.
Den andre typen automatisering er prosessautomatisering. Denne typen automatisering passar til dømes på at trykk, temperatur og nivå er ideelle for å oppnå jamn og god kvalitet på produkta i prosessindustrien.
Den tredje gruppa er robotikk. Dette er system som kan utføre mange ulike oppgåver med same utstyr, men med ulik programvare.
Som automatiseringsingeniør med robotikk kan du arbeide innan mekanisk industri, produksjonsindustri, prosessindustri, byggautomatisering, kraftproduksjon, havbruksnæring, i ulike konsulentverksemder og mykje meir. Ferdig utdanna kandidatar har fått seg jobb i verksemder ABB, Framo eller Hansa Borg Bryggeri, for å nemne nokre.
I framtida kjem vi til å sjå meir til robotar som samhandlar med menneske (coboter). Det blir også meir kommuniserande og samarbeidande produkt med innebygd sensorikk og intelligens (Industri 4.0 og IoT). Alt dette er og blir den spennande arbeidskvardagen til automatiseringsingeniøren.
Utveksling
Australia | James Cook University | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10489
Finland | South-Eastern Finland University of Applied Sciences - XAMK | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10490
New Zealand | Auckland University of Technology (AUT) | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=591
Polen | Silesian University of Technology (SUT) | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10400
Tyskland | Ingolstadt University of Applied Sciences (THI) | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10377
Tyskland | Hamm-Lippstadt University of Applied Sciences | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10478
USA | San Diego State University (SDSU) | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10462