Nøkkelinformasjon

Lærestedets logo
Lærestedets logo

Studiested

Førde
Haugesund

Nivå

Høyere nivå

Studiepoeng

30

Semester

2

Studieform

Undervisning ved lærestedet

Studietempo

Deltid

Om studiet

Jobbar du som sjukepleiar i kommunehelsetenesta eller spesialisthelsetenesta? Med denne vidareutdanninga utviklar du vurderings- og handlingskompetansen din knytt til pasientgrupper og enkeltindivid.

Vi har ikkje planar om å ta opp nye studentar på dette studieprogrammet i 2021.

Mange pasientar har ofte fleire sjukdommar som kan vise seg ulikt, og vere vanskeleg å diagnostisere. Gjennom studiet lærer du å vurdere pasientar som blir akutt sjuke, får ei forverring av kronisk sjukdom eller treng grundig oppfølging og overvaking.

I studiet lærer du om:

  • normal aldring med vekt på biologiske endringar, aldersrelaterte sjukdommar, multisjuke
  • infeksjonar, lungesjukdom og akutt respirasjonsvikt
  • akutte og kroniske smerter
  • akuttpsykiatri - akutt delir, depresjon, angst og psykose
  • kriterium for innlegging i KAD-senger
  • akutt funksjonssvikt, hjerneslag, hjarte- og sirkulasjonssvikt
  • klinisk vurdering av pasienten
  • overvaking av pasientar og bruk av tvang
  • kommunikasjon, rettleiing og informasjon til pasientar og pårørande ved akutt sjukdom
  • polyfarmasi
  • kunnskapsbasert praksis
  • nytenkning og innovasjonsprosesser i klinisk praksis

Undervisningsopplegg

Vi har forelesingar, caseoppgåver, gruppearbeid, øvingar, sjølvstudium, rettleiing og skriftleg arbeid.

Eksempel på arbeidskrav:

  • Hospiteringspraksis
  • AHLR-sertifisering
  • HLR-øving på eigen arbeidsplass
  • Relevante case

Studiet er samlingsbasert, og vi legg opp til 6-8 samlingar á 3-4 dagar i løpet av studiet. I tillegg har du 8 hospiteringsdagar på avdelingar med akutte hendingar som t.d. KAD-senger, ambulanse, akuttmottak, intensiv og legevakt.

Mellom samlingane foregår kommunikasjonen gjennom den digitale læringsplattformen Canvas.

Opptaksinformasjon

lokalt

Alle utdanninger innen