Nøkkelinformasjon

Lærestedets logo
Lærestedets logo

Studiested

Sogndal

Nivå

Lavere nivå

Studiepoeng

30.00

Semester

2

Studietempo

Deltid

Om studiet

Aktiv omsorg skal bidra til å fremje meistring, kvardagsrehabilitering, positive opplevingar, sosial deltaking, og helse. Studiet legg vekt på kunnskap om bevegelse, naturopplevingar og deltaking.

Føremålet med utdanninga er å i imøtekomme behovet for auka kompetanse om bevegelse, naturoppleving og deltaking for å styrke helse, sosial fungering og meistring.

Studiet passar for deg som jobbar eller ynskjer å jobbe i offentleg og privat sektor, til dømes som profesjonsutøvar innan helse- og sosialomsorga, spesialhelsetenesta, i barnehage og skule.

Emnet MT500 og MT501 kan og inngå som emne i fleire masterutdanningar.

Du lærer om:

  • bevegelse og naturopplevingar som reiskap i eiga yrkesutøving
  • faglege problemstillingar med utgangspunkt i kva eit aktivt liv har å seie for å fremme livskvalitet og helse
  • relasjonskompetanse, nettverk og tverrprofesjonelt samarbeid
  • teoriar og ulike faglege tilnærmingar innan bevegelse og naturopplevingar, og arbeide sjølvstendig med å planleggje og setje i verk tiltak/prosjekt som legg til rette for aktiv deltaking.
  • kunne anvende ulike typar kunnskap for å treffe grunngjevande val for tiltak.

Organisering

Aktiv omsorg; bevegelse, naturopplevingar og deltaking er ei vidareutdanning på 30 (15+15) studiepoeng. Den er bygd opp av to emne på 15 studiepoeng: MT 500 Fysisk aktivitet og naturopplevingar og MT501 Fysisk aktive deltakarar. Kvart emne har tre samlingar à fire dagar ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal.

Undervisningsmåtar

Undervisninga er lagt opp med ein kombinasjon av førelesingar, digitale undervisnings- og læringsformer, aktivitetar, arbeid i grupper og seminar med rettleiing. I tillegg skal du gjere arbeidsoppgåver mellom samlingane. Canvas vert nytta som elektronisk læringssystem.

Opptaksinformasjon

15. april

Læringsutbytte

Etter gjennomført studium skal studenten:

- ha kunnskap om og erfaring med bevegelse og naturopplevingar som reiskap i eiga yrkesutøving

 -  ha kunnskap til å analysere faglege  problemstillingar med utgangspunkt i kva eit aktivt liv har å seie for livskvalitet og helse

Ferdigheiter:

-  kunne  analysere  teoriar og metodar innan fagområdet og sjølvstendig arbeid med å planleggje og setje i verk prosjekt som legg til rette for aktiv deltaking

Generell kompetanse:

-kunne anvende sine kunnskapar og ferdigheiter i praksis, samt reflektere over eiga fagutøving

Kompetanse / formell grad

Dei to emna i vidareutdanninga kan saman, eller kvar for seg kan gå inn som valfrie emne i  mastergradsstudia

  • Samhandling innan helse- og sosialtenester, Høgskulen på Vestlandet
  • Meistring og myndiggjering, Høgskulen i Volda. 

Videre studier

Dei to emna i vidareutdanninga kan saman, eller kvar for seg gå inn som valfrie emne i mastergradsstudia:

Kvalifikasjon/tittel

30 STP

Alle utdanninger innen