Fakta

Sted:
Høgskulen for grøn utvikling Bryne
Studietype:
Bachelor, 3 år
Studieform: Nettstudium, samlingsbasert
Studietempo: Heltid, deltid
Studiepoeng:
180

Informasjon oppdatert

10. januar 2024.

Om studiet

HGUt sitt bachelorstudium i nyskaping og regenerativ utvikling (180 studiepoeng) er unikt i Norge, og gjev eit relevant og spissa utdanningstilbod for ei lang rekke utviklingsretta yrke og samfunnsoppgåver. Døme er:

  • Klimatilpassa utvikling
  • Naturfornying og naturvern
  • Utviklingsoppgåver (samfunnsutvikling) innanfor det offentlege
  • Entreprenørskap og gründerverksemd
  • Nyskaping, omstilling, endring
  • Næringsutvikling
  • Organisasjonsutvikling
  • Internasjonalt utviklingsarbeid (t.d. bistand)
  • Offentleg planlegging (mobilisering, medverknad, involvering)

Gjennom bachelorstudiet i nyskaping og regenerativ utvikling får studentane omfattande og handlingsretta kunnskap om verdiskaping (sosial, kulturell og økonomisk), og om korleis stader og lokalsamfunn kan endrast nedanfrå. Utvikling på lag med dei verdiskapande kreftene i naturen er særleg vektlagt.

Studentane lærer å sjå med nye auge på ressursane dei har rundt seg; dei menneskelege, dei naturbaserte, dei kulturelle, dei sosiale og økonomiske. Dei lærer å ta i bruk ressursane på nye måtar og bli aktive utviklarar og pådrivarar i forhold til eigen livssituasjon og eige miljø. Mobiliseringsarbeid er også sterkt vektlagt.

Studiet stimulerer til nyfikenheit, skaparglede og kreativitet, og legg difor også opp til samarbeid med forvalting, nærings- og organisasjonsliv.

Høgskulen for grøn utvikling har Kunnskap for utvikling! som hovudvisjon. I tråd med denne visjonen skal studiet synleggjera og gje grunnleggjande kunnskap om det handlingsrom me har som menneske til å påverka framtida i positiv retning.

Bachelorutdanninga består av 180 studiepoeng, og studieløpet for graden vil sjå slik ut:

1. Studieår

Samfunn og utvikling – 60 studiepoeng

2. Studieår

Valfrie emne – til saman 60 studiepoeng. Studentane kan velja mellom følgjande modular (alle på 30 stp – modular går når det er nok påmelde):

3. Studieår

Nyskaping og utviklingsarbeid 60 studiepoeng

Studiet leier fram til graden bachelor i nyskaping og regenerativ utvikling.

Kvalifikasjon/tittel

Utviklingsarbeid, innovasjon, entreprenør, samfunnsutviklar, gründer