Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Høyere nivå
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
60
Søknadsfrist: 15. april

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

9. februar 2024.

Om studiet

Faget spesialpedagogikk er konsentrert om å forstå og betre vilkåra for barn, unge og vaksne som møter ulike barrierar med konsekvensar for læring, utvikling og livsutfalding. Det er såleis eit svært viktig grunnlag for å planlegge, gjennomføre og vurdere lovpålagd spesialpedagogisk hjelp i barnehagen og spesialundervisning i skulen. Studiefaget spesialpedagogikk gir også eit grunnlag for å forstå, utvikle og halde ved like inkluderande læringsmiljø og inkluderande opplæring for alle barn, unge og vaksne i barnehage og skule. Spesialpedagogikk er både eit vitskapsfag og eit profesjonsfag. Vitskapsfaget inneheld kunnskap og innsikt om fagfeltet som kjem fram i systematisk, metodisk og kritisk forsking. Profesjonsfaget byggjer så langt det er mogleg på vitskapsfaget, men også på relevante, etablerte og prøvde praksisbaserte erfaringar frå pedagogisk og spesialpedagogisk verksemd. Personale med spesialpedagogisk kompetanse kan bidra til å sikre kvaliteten i opplæringstilbodet til alle barn, unge og vaksne, men er særleg viktig for å sikre kvaliteten på opplæringstilbodet til barn, unge og vaksne med behov for ekstra tilretteleggingar i opplæringa.  Viktige føringar for dette er tidleg innsats, førebyggande arbeid, tilpassa og inkluderande opplæring og inkluderande læringsmiljø. Studiet gir studentane inngåande kunnskapar, ferdigheiter og kompetansar som gjeld opplæringa i barnehage og skule. Merksemda er særleg retta mot dei spesialpedagogiske utfordringane og korleis kombinere omsyna til den enkelte med inkluderande opplæring som ramme.

Studiet skal gi studentane brei praktisk, teoretisk og kritisk kunnskap om opplæringa i barnehage og skule, med særskild merksemd retta mot spesialpedagogiske tiltak. Målet er å gi kompetanse i ulike faglege tilnærmingar med særleg vekt på å støtte dei barna og elevane som strevar åtferdsmessig og/eller fagleg i opplæringa. Studentane skal også bli vel kjende med dei aktuelle spesialpedagogiske støttesystema. Studiet gir innsikt i institusjonelle, relasjonelle og individuelle utfordringar i opplæringa for å forklare behov for spesialpedagogiske tiltak og i drøfting av slike tiltak. Utgangspunktet er at all opplæring skal ha inkludering som ideal med ein klar og kritisk vitskapleg og forskingsmessig basis.

Undervisningsopplegg

Undervisninga er samlingsbasert og lagd til Høgskulen i Volda. Kvart emne går over eit semester med i alt fem to-dagars samlingar. Det er obligatorisk frammøte på samlingane. E-læringsprogrammet Canvas vert nytta. Studiet og kan gjennomførast som heiltids- eller deltidsutdanning. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Lokalt opptak 2023. Søknadskode: 4329

Anbefalt forhåndskunnskap

Fullført grunnutdanning ved universitet eller høgskule av minimum 180 studiepoeng, innanfor følgjande: Allmennlærarutdanning / grunnskulelærarutdanning. Førskulelærarutdanning / barnehagelærarutdanning. Faglærar med praktisk-pedagogisk utdanning innan yrkesfag eller allmennfag, faglærar med eigen bachelor eller yrkesfaglærar. Søkjarar med fullført utdanning som barnevernspedagog, vernepleiar eller anna treårig relevant profesjonsutdanning, kan takast opp etter særskild vurdering. Dokumentert pedagogisk praksis etter fullført utdanning kan gi eitt poeng pr år inntil fem år. Høgare utdanning utover grunnutdanning kan gi tillegg med 1 poeng per 30 stp. inntil 90 stp. Totalt maks 3 poeng.

Utveksling

Det er opna for at studentane kan ta enkelte emne ved relevante miljø i utlandet. Studentane må sjølve ta initiativ til eit slikt opphald.