Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Lavere nivå
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
30
Søknadsfrist: 1. mars

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

14. mars 2022.

Om studiet

Målgruppa for studiet er lærarar utan spesialpedagogisk utdanning og som underviser i 1. til 10. klassesteg. Vidareutdanninga tek for seg dei mest frekvente vanskane elevar strevar med i opplæringa: språk/lesing/matematikkvanskar og åtferd. Tilpassa opplæring og inkludering er sentralt. Studiet gir innsikt i skulefaglege, institusjonelle, relasjonelle og individuelle utfordringar i opplæringa, og har spesielt fokus på å skape eit godt og inkluderande læringsmiljø. Les meir i studieplanen. Utdanninga er eit tilbod under satsinga Kompetanse for kvalitet frå Utdanningsdirektoratet (UDIR) når det gjeld vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar.

Undervisningsopplegg

Studiet er samlingsbasert og elles organisert gjennom læringsportalen Canvas. Det er tre samlingar (kvar på to dagar) i Volda i semesteret. Det er obligatorisk oppmøte til samlingane. Det er i tillegg lagt opp til skriftlege og/eller munnlege mellomarbeid på nett mellom samlingane. Det skal leverast ei semesteroppgåve/heimeeksamen på ca 5000 ord. For å gå opp til eksamen i eit emne må alle arbeidskrav og oppmøte knytt til emnet vere oppfylt. DU kan lese meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Kompetanse for kvalitet. Søknadskode: 4207

Anbefalt forhåndskunnskap

Fullført allmennlærarutdanning, grunnskulelærarutdanning, faglærarutdanning eller praktisk-pedagogisk utdanning.

Alle utdanninger innen