Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Lavere nivå
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
30

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

14. mars 2022.

Om studiet

Studiet bygger på studieprogrammet skuleretta samfunnsfag 1 og gir ei vidare fordjuping i sentrale tema for samfunnsfaget i skulen. Studiet tek opp tema som demokrati og medborgarskap med eit særleg fokus på skulen sitt mandat for demokratisk utvikling. Studiet legg og vekt på kunnskap om globale samfunnsutfordringar, urfolksproblematikk og likestilling i utvida forstand. Det blir også ei fordjupning i samfunnsfaget som vitskapsfag og skulefag og på ny forsking i samfunnnsdidaktikk. Studiet passar for deg som underviser på trinna 5-10. Studiet er delfinansiert med studieavgift. Kr 8.000 (kr. 4.000 pr. emne). Skuleretta samfunnsfag 2 har emna Demokrati og samfunnsfag i skulen og Globale samfunnsutfordringar.

Dette vidareutdanningstilbodet bygger på Samfunnsfag 1, og vektlegg i større grad djupnelæring. Det vil seie at det blir lagt stor vekt på å utvikle studentane si evne til å trekke linjer og bruke kunnskap på forskjellige måtar. Særleg i fokus er evna til å bruke teoretisk kunnskap i praktiske undervisningssituasjonar. Emna i Samfunnsfag 2 gir større rom for fordjuping i utvalde geografiske område, historiske epokar og samfunnsfaglege prosessar. Emna opnar og for utvida forståing av samanhengar mellom teoretiske perspektiv og ulike læringsprosessar i skulen.

Undervisningsopplegg

Undervisninga er nettbasert. Studentane skal nytte tilgjengeleg programvare og ressurssider på Internett for løysing av oppgåver og for å tileigne seg kunnskap. Vi nyttar Canvas som digital læringsplattform. Canvas vert brukt aktivt til innlevering og rettleiing av skriftlege oppgåver. Det er ein føresetnad at studentane brukar desse verktøya kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane det vert lagt opp til. Du får tilgang til eit eige rom i Canvas for emnet så snart du er semesterregistrert. Sjå meir om dette her.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Lokalt opptak. Søknadskode: 3923

Anbefalt forhåndskunnskap

Fullført lærarutdanning eller tilsvarande.

Alle utdanninger innen