Religion og livssyn favoritt ikon

Universitet og høgskole
Bachelor i Religion og livssyn gir deg kunnskapar og innsikt i det moderne vestlege religions- og livssynsmangfaldet. Det vert spesielt lagt  vekt på kva rolle religion og livssyn spelar i det fleirkulturelle samfunnet. Studiet kvalifiserer deg for yrke innanfor kultursektoren, skuleverket, media og kyrkje.

Studienivå

Bachelor, 3 år

Søknadsfrist

15. april 2018

Studiepoeng

180

Semester

6

Om studiet

Studiet skal gi deg kunnskapar om dei store verdsreligionane, filosofi og sekulære livssyn og moderne religiøse rørsler, både i historisk perspektiv og i samtidsperspektiv. Det er eit særskilt fokus på kristen tru og tradisjon og bibelske tekstar. Du får også lære om korleis populærkulturen i eit fleirkulturelt samfunn tematiserer religion og livstolking. Bachelorgraden har syttifem valfrie studiepoeng. Det vil seie at du kan velje emne frå relevante fagfelt innanfor historie, språkfag eller praktisk-estetiske fag. 

Undervisningsopplegg

Undervisninga er hovudsakleg organisert som førelesningar og seminar. Nokre av emna går som nettbaserte studium. Du får tilbod om ein ekskursjon til Redbridge i London, der vi besøker skular og ulike religiøse samfunn (med atterhald om nok påmeldte). Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane

Informasjon om opptak

Søknadstype: Samordna opptak. Søknadskode: 223 929

Utveksling

I løpet av studietida, kan du ta eit semester i utlandet. Vi rår mellom anna til utveksling til våre samarbeidsinstitusjonar i Sverige, Finland, Litauen, Japan, og USA. 

Informasjon fra Samordna Opptak

Poenggrenser 2018

Alle (primær)
Alle (ordinær)

Studieplasser

10

Søknadskode (SO)

223929