Nøkkelinformasjon

Logo Høgskulen i Volda
Logo Høgskulen i Volda

Lærested

Studiested

Høgskulen i Volda

Nivå

Lavere nivå

Studiepoeng

30

Semester

2

Studietempo

Deltid

Om studiet

Kunnskap om mangfaldet innanfor religion, kultur og livssyn er viktig og aktuelt i vår tid. Kompetanse på dette fagfeltet er først og fremst etterspurd i skulen og i kyrkja. Men også innanfor helsesektoren, i media og andre offentlege og private samanhengar trengst menneske som har kunnskapar om og innsikt i religions- og livssynsspørsmål, og som har dugleik i å formidle dette. Fordjupning  i religion og livssyn tar føre seg dagsaktuelle og historiske emne, t.d. spiritualitet, nyreligiøsitet, livssynsdebatt og livssynmangfald. Studiet omfattar også ei større oppgåve som du skriv innan eit sjølvvald emne i religion og livssyn (BA-oppgåve).

Studiet har eit obligatorisk og eitt valfritt emne, kvart på 15 studiepoeng: Obligatorisk emne: Fordjupingsoppgåve i religion og livssyn Valfritt emne: Livssynmarknad og livssynsdebatt (haust) eller Spiritualitet før og no (vår) Det valfrie emnet må takast før eller parallelt med fordjupingsoppgåva. Du kan ta emna på heiltid (eit semester) eller deltid (to semester)

Undervisningsopplegg

Undervisninga er organisert etter ein fastlagt kalender for leksjonar, seminarsamlingar, og innleveringar. Plan for seminarsamlingar og leksjonar, samt fristar for innlevering av oppgåver vert kunngjort ved semesterstart. Les meir om arbeidskrav, vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Lokalt opptak. Søknadskode: 4236 (heiltid/deltid)

Anbefalt forhåndskunnskap

Årsstudium i religion, livssyn og etikk (60 eller 50 studiepoeng i KRL/RLE) eller tilsvarande.