Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Lavere nivå
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
60

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

28. februar 2024.

Om studiet

Studiet passar for deg som er interessert i religion, kultur, livssyn og etikk. Det er aktuelt for fleire yrkesgrupper som møter religionsmangfold både i privat og offentleg sektor, til dømes i innanfor skuleverket, helsesektoren, media og i ulike trus- og livssynssamfunn. Du får kunnskap om religiøse tekstar, historia til kristendommen andre religionar og livssyn. Religions- og livssynsmangfaldet i Noreg i dag er også ein viktig del av studiet.

Du kan velje mellom desse emna, kvart på 15 studiepoeng: Religion og livssyn I (haust 24) Religion, media og populærkultur (haust 24) Religion og livssyn II (vår 25) Religion og samfunn (vår 25) Intercultural understanding (vår 25)

Undervisningsopplegg

I kvart av dei samlingsbaserte emna vert undervisninga gjeven i form av forelesingar og gruppearbeid både på samlingar ved Høgskulen i Volda og digitalt. For kvart emne er det tre fysiske samlingar i semesteret, og kvar slik samling går over to dagar. I tillegg vert det studentarbeid og ulike digitale møtepunkt. Det er krav om 75% frammøte til undervisninga i desse emna, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. Studiet er lagt til rette i undervisningsverktyet Canvas. Det primære ansvaret for læringsutbytet ligg hjå studenten sjølv gjennom lesing, oppgåveskriving, samarbeid med andre studentar, førebuing og aktiv deltaking i undervisninga.  For eksamensordning, sjå emneplanar.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Lokalt opptak. Søknadskode: 4135

Anbefalt forhåndskunnskap