Profesjonsfagleg digital kompetanse og læringsnettverk favoritt ikon

Universitet og høgskole
Vi lever i eit spesialisert samfunn og den teknologiske utviklinga går fort. I skuleverket vert det stilt stadig høgre krav til læraren sett i høve til planlegging av læring og undervisningsmåtar. Studiet har eit særleg fokus på utvikling av læraren sin eigen profesjonsfaglege digitale kompetanse og læringsnettverk. I undervisninga vert det lagt vekt på tett fagleg oppfølging, diskusjonar og moglegheit for samarbeid både individuelt og i grupper.  Studiet har ei avgift på kr 4 000 + semesteravgift.

Studienivå

Lavere nivå

Studiepoeng

15

Semester

1

Om studiet

Rammeverket for profesjonsfagleg digital kompetanse er utgangspunkt for studiet. Fagfornyinga og krav til læraren står sentralt. Internett har bidrege til at alle kan samarbeide, kommunisere, produsere, publisere, dele og delta i samfunnsdebatten. Det er viktig med kompetanse i å finne fram, sile ut, skape og bruke innhald i ulike ressursnettverk, men også å ta i bruk kompetansen barn og unge kan bidra med i læringsarbeidet. Digital dømmekraft i høve til nettjuss, nettvett, digital mobbing og sosiale medium er sentrale tema. Det same er digital didaktikk og korleis vurdere ulike ressursar og verktøy for læring. Les meir i emneplanen her.

Undervisningsopplegg

Det er lagt opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til læring og formidling. Emnet er organisert nettbasert (også eksamen).

Informasjon om opptak

Søknadstype: Lokalt opptak. Søknadskode: 3929