Praktisk-pedagogisk utdanning - yrkesfag favoritt ikon

Universitet og høgskole
Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) er eit påbyggingsstudium som gjer det mogleg å setje saman di eiga lærarutdanning. Det betyr at du byggjer PPU på ein allmennfagleg/yrkesfagleg kompetanse du har frå før. Merk at opptakskravet om mastergrad ikkje gjeld for PPU yrkesfag, det gjeld berre for PPU allmennfag.  PPU ved Høgskulen i Volda vektlegg faga sin eigenart i skulen, profesjonsbasert digital kompetanse for læring, samt verdien av praktisk estetisk læringsarbeid i skulen. Studiet tilbyr fleksibelt opplæringstilbod med nettbasert og modulbasert undervisning. Høgskulen i Volda har praksisskuleavtalar med skular i Møre og Romsdal og Nordfjord, men legg også til rette for praksis nasjonalt. Vi opnar for søking 1. februar 2019. Søknadsfristen er 15. april 2019. 

Studienivå

Årsstudium

Søknadsfrist

15. april 2019

Studiepoeng

60

Semester

4

Om studiet

Studiet er sett saman av emna Pedagogikk (30 stp.) og Fag- eller yrkesdidaktikk (30 stp.). I tillegg er det lagt opp til 60 dagar med praksis på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. Programmet gir kompetanse i å planlegge, gjennomføre og kritisk vurdere undervisning. Du skal lære om ulike arbeidsmåtar og læringsressursar innanfor faga du er kvalifisert til å undervise i. Det vert fokusert på klasseleiing og læringsmiljø og korleis gode relasjonar til og mellom elevar kan utviklast. Etikk og yrkesidentitet og samarbeid med elevar/lærlingar, kollegaer og føresette er også vektlagt i studiet.

Undervisningsopplegg

Undervisninga vekslar mellom førelesingar og at studentane arbeider på eiga hand eller i grupper. Undervisningsprogrammet Fronter vert mykje nytta. Ein del av undervisninga vil bli gitt i sanntid via konferansesystemet Adobe Connect. Studenten må difor ha tilgang til PC med internett, kamera, høgtalar og mikrofon. Undervisningsmåtar og vurderingsordningar er nærare omtala i emneplanen for dei einskilde emna.

Informasjon om opptak

Søknadstype: Lokalt opptak. Søknadskode: 4303