Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Årsstudium
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
60
Søknadsfrist: 15. april

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

8. mars 2024.

Om studiet

Praktisk pedagogisk utdanning (PPU) kvalifiserer deg til å vere lærar frå 5. klasse i grunnskulen og til og med vidaregåande. Utdanninga er også relevant i høve folkehøgskule, kulturskule eller andre opplæringsarenaer. Studiet er samlingsbasert med nettstøtte. PPU deltid vert tilbode hausten 2024 både i Volda og Kristiansund. Ønskar du meir informasjon om blant anna praksis eller har andre spørsmål om PPU? Det finn du her: Informasjonsside for Praktisk - pedagogisk utdanning (PPU)

Praktisk pedagogisk utdanning er bygd opp med undervisning i pedagogikk, fagdidaktikk og praksis. Fagdidaktikken avheng av kva utdanningsbakgrunn du har frå før. Praksis er på totalt 60 dagar i både på ungdomssteg og vidaregåande skule Ved Høgskulen i Volda kan ein ha fagdidaktikk innanfor: Musikk kunst og handverk kroppsøving religion og livssyn samfunnsfag norsk, engelsk/framandspråk realfag (matematikk/naturfaga) mediefag. Tilbodet i Kristiansund vil vere spesielt retta mot deg som har musikkfagleg bakgrunn, og vil handle spesielt om lærarrolla i skule og kulturskule. For studentar med andre fag og som ønsker ta studiet i Kristiansund treng du kun å reise til Volda for dei didaktikksamlingane som er knytt til faget ditt (1-2 samlingar i halvåret).

Undervisningsopplegg

I PPU får du undervisning i pedagogikk og fagdidaktikk som er relevant for lærarrolla, og ein får prøve seg i denne rolla i praksisperiodane. Undervisninga er samlingsbasert med 6 fysiske samlingar per studieår, kvar med omfang på 2-3 dagar (onsdag - fredag). Samlingane vil bli lagt til Volda, Ålesund og Molde. I tillegg vert det digitale samlingar på ettermiddagstid. Det er også 6 veker obligatorisk praksis i skule kvart studieår. I løpet av desse vekene får ein verkeleg kjenne på den spanande og engasjerande lærarkvardagen! Første studieår består av Pedagogikk 1, Didaktikk 1 og praksis 1. Emna vert avslutta med ein felles tre dagars heimeeksamen. Praksis vert vurdert stått/ ikkje stått. Andre studieår består av Pedagogikk 2 med ei semesteroppgåve og med munnleg eksamen. Didaktikk 2 er det mappeeksamen, tilpassa ulike fag sine eigenartar. Praksis 2 vert vurdert stått/ ikkje stått. Arbeidsformene i studiet er ein kombinasjon av forelesingar, gruppearbeid, presentasjon av studentane sitt arbeid i plenum, sjølvstudium og dialog i plenum. I opptaksbrevet vil det gå fram om ein vert vurdert som eitt-fagleg eller to-fagleg, basert på kva utdanningsbakgrunnen din er. Det er dette som avgjer kva fagdidaktikk du skal ha og kva arbeidskrav som høyrer til desse. Du skal også i utgangspunktet ha praksis i dei faga du har undervisningskompetanse i. Alle emna har krav om 80% oppmøte på undervisningsaktivitetar. Praksisperioda: I løpet av januar - mars første studieår og august - desember andre studieår skal du ha 6 velers praksis i både ungdomskule og videregåande skule. Andre opplæringsarenaer som til dømes kulturskule, folkehøgskule eller voksenopplæring kan også vere aktuelt etter ei individuell vurdering. Kvar student får ein eller fleire praksislærarar som er med i alle timane og dermed skal sikre at praksis vert både veileda og vurdert. Studentar får sjølve vere med på å påverke, og kan hjelpe til med å finne praksisstad, men praksisstad og praksisopplegg skal godkjennast, og avtale skal inngåast direkte mellom praksiskontoret ved HVO og praksisstad. For studentar med tilsetjingsforhold i skulen kan inntil 50% av praksis gjennomførast på eigen arbeidsplass. I praksisperioden er det krav om 100 % oppmøte. Etter avtale med praksiskontoret er det mogeleg å ha praksis på 2-3 dagar i veka og strekke praksisperioda over 12 veker i staden for 5 dager per veke i 6 veker. Du må organsiere (arbeid og livssituasjon) slik at du har høve til å gjennomføre praksisperioda i det aktuelle tidsrommet.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Lokalt opptak 2023. Søknadskode: 4301 (Volda) 4401 (Kristiansund)

Anbefalt forhåndskunnskap

Fullført mastergrad som inneheld minst ett relevant fag som gir kompetanse til å undervise, eller Bachelorgrad med inntil tre fag som gir kompetanse til å undervise i praktiske og/eller estetiske fag i grunnskule. Det må inngå fordjuping på minst 120 studiepoeng i eit fag. Øvrige fag må ha eit omfang på minst 30 studiepoeng. Det stilles krav om gjennomsnittskarakter C (3,0) eller betre frå bachelorgraden. For HVO sine bachelorprogram vil dette gjelde bachelorgrad i Design, kunst og handverk, Idrett og kroppsøving og Musikk. Merk at dette punktet gjeld for opptaket til og med hausten 2024. Frå opptaket hausten 2025 vil masterkravet også gjelde i desse faga. Meir om PPU her på Spørsmål og svar.

Utveksling

Delar av praksis kan etter avtale gjennomførast i utlandet. Høgskulen i Volda har eit stort internasjonalt nettverk og PPU har eit samarbeid med skular i Frankrike og Austerrike.

Alle utdanninger innen