Nøkkelinformasjon

Logo Høgskulen i Volda
Logo Høgskulen i Volda

Lærested

Studiested

Høgskulen i Volda

Nivå

Årsstudium

Studiepoeng

60

Semester

2

Søknadsfrist

15. april

Undervisningsopplegg

Undervisninga i dei ulike emna vert organisert rundt  åtte temaområde, eller det vi vil kalle modula, og vert gjennomført gjennom digitale læringsressursar, arbeid med teori og arbeid i praksis og undervisning ved høgskulen.  Gjennom læringsarbeid knytt til dei ulike delane av studiet, skal studentane tileigne seg eit samla læringsutbytte som gir grunnlag for arbeidet som lærar, og som gir ein kunnskapsbase som skal vidareutviklast gjennom heile yrkeskarrieren. Praksis i skule er ein integrert del av opplæringa i pedagogikk og fagdidaktikk. Det skal minimum vere 60 dagar praksis i studiet. Praksisopplæringa skal vere rettleia, vurdert og variert. Undervisningsmåtar og vurderingsordningar er nærare omtala i emneplanen for dei einskilde emna.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Lokalt opptak. Søknadskode: 4300

Anbefalt forhåndskunnskap

Fullført mastergrad som inneheld minst ett relevant fag som gir kompetanse til å undervise, eller Bachelorgrad med inntil tre fag som gir kompetanse til å undervise i praktiske og/eller estetiske fag i grunnskule. Eit av faga kan erstattast av drama/teaterfag. Det må inngå fordjuping på minst 120 studiepoeng i eit fag. Øvrige fag må ha eit omfang på minst 30 studiepoeng. Det stilles krav om gjennomsnittskarakter C eller betre frå bachelorgraden. For HVO sine bachelorprogram vil dette gjelde bachelorgrad i Design, kunst og handverk, Idrett og kroppsøving og Musikk. Merk at dette punktet gjeld for opptaket til og med hausten 2024. Frå opptaket hausten 2025 vil masterkravet også gjelde i desse faga.  Meir om PPU her på Spørsmål og svar.

Utveksling

Gjennom undervisninga i studiet vil du møte også internasjonal utdanningsforskning. Praktisk pedagogisk utdanning er eit kort og intensivt studie som skal førebu kandidaten best mogleg til å arbeide som lærar i norsk skule, difor er det små moglegheiter for utveksling. I dialog med student kan vi likevel opne opp for at delar av praksisen vert gjennomført i utlandet. Høgskulen i Volda har eit stort internasjonalt nettverk. 

Alle utdanninger innen