Politikk, folkehelse og livsløp - Overordna perspektiv favoritt ikon

Universitet og høgskole
Behovet for tenester frå offentleg sektor er stort, samtidig som forventningane til kvalitet og effektiv ressursbruk aukar. Dette inneber at ein må tenke annleis om planlegging og utforming av tenester. Vidareutdanninga passar for tilsette i kommunar, fylkeskommunar, helseforetak og frivillig sektor som arbeider med helse og velferdstenester, planlegging og/eller samfunnsutvikling generelt. Politikk, folkehelse og livsløp vil også vere ei aktuell vidareutdanning for nyutdanna bachelorstudentar.

Studienivå

Lavere nivå

Studiepoeng

15

Semester

1

Om studiet

Politikk, folkehelse og livsløp - Overordna perspektiv (POL301) skal gi grunnleggande teoretisk kunnskap om samanhengane mellom politikk, samfunnsutvikling, livsløp og helse, og skal gi studentane kunnskap om korleis ein gjennom nytenking og samhandling kan utvikle heilskaplege tenester i offentleg sektor. Sentrale tema: Politikk og planlegging Teoriar om og perspektiv på helse Helsetilstand, levekår og sosial ulikskap i helse Livsløpsteori Emnet passar for deg som ønskjer: inngåande kunnskap om politikk og planlegging si rolle for helsefremmande samfunnsutvikling inngåande kunnskap om helsetilstand og helseutfordringar i eit livsløpsperspektiv, med særleg vekt på korleis ulike faktorar påverkar helse og sosial ulikskap i helse å kunne analysere politiske prosessar og planlegging som utgangspunkt for samfunnsutvikling, og særleg utvikling av helse- og velferdstenester å kunne reflektere over eigen praksis, bruke kunnskapen sjølvstendig til å gjennomføre oppgåver og utviklingsprosjekt, og kunne formidle arbeidet ditt på ein fagleg måte Politikk, folkehelse og livsløp - Overordna perspektiv (POL301) er eitt av to sjølvstendige emne som utgjer studiet Politikk, folkehelse og livsløp: Politikk, folkehelse og livsløp - Overordna perspektiv (POL301, 15 studiepoeg, haust) Politikk, folkehelse og livsløp - Samhandling (POL302, 15 studiepoeng, vår) Studentar som tek POL301 først vil få eit særleg godt grunnlag for POL302.

Undervisningsopplegg

Emnet er organisert som eit deltidsstudium over eitt semester. Undervisninga er konsentrert til tre vekesamlingar, med fire undervisningsdagar og ein studiedag.

Informasjon om opptak

Søknadskode: 4392