Nynorsk skriftkultur favoritt ikon

Universitet og høgskole
Høgskulen i Volda tilbyr som den einaste i landet Master i nynorsk skriftkultur. Gjennom skrifta formar vi tekstar, og dermed også den kulturen og det samfunnet vi er ein del av. Studiet av nynorsk skriftkultur gjer deg i stand til å forstå korleis dette skjer, og tek for seg skriftkultur generelt og den nynorske skriftkulturen spesielt.

Studienivå

Master, 2 år

Søknadsfrist

1. mars 2018

Studiepoeng

120

Semester

4

Om studiet

I masterstudiet vert det er lagt vekt på å analysere utfordringar knytte til tileigning, meistring og bruk av språk og tekst og forholdet mellom skriftkultur og samfunn (literacy/literacies), med vekt på nynorskens stilling i fortid og notid. Studiet i nynorsk skriftkultur har tre hovudinnretningar: språk, litteratur og didaktikk, alle med vekt på nynorsk skriftspråk. Med utgangspunkt i tverrfaglege tilnærmingsmåtar, gir studiet ein unik kompetanse for arbeid både i skulen og med anna språkleg og kulturelt arbeid.

Undervisningsopplegg

Masterstudiet i nynorsk skriftkultur går normalt over to studieår på full tid, men det vert lagt til rette for studentar som vil ta studiet over lengre tid. Undervisninga er organisert som vekessamlingar. I haustsemesteret blir det gjeve undervisning i emnet Skriftkultur. Ei innføring og eitt av dei to emna Språkvitskap og Den nynorske teksten (annakvar haust), medan det kvart vårsemesteret blir gjeve undervisning i Vitskapsteori og metode og Lese- og skrivekunne. Alle emna er på 15 studiepoeng. I tillegg skal studenten skrive ei sjølvvald masteroppgåve som tel 60 studiepoeng. Sjå emnetabellar for meir informasjon om studieløpet.

Informasjon om opptak

Søknadstype: Lokalt opptak. Søknadskode: 4310