Nøkkelinformasjon

Logo Høgskulen i Volda
Logo Høgskulen i Volda

Lærested

Studiested

Høgskulen i Volda

Nivå

Master, 2 år

Studiepoeng

120

Semester

4

Søknadsfrist

15. april

Undervisningsopplegg

Masterstudiet i nynorsk skriftkultur går normalt over to studieår på full tid, men det vert lagt til rette for studentar som vil ta studiet over lengre tid. Undervisninga er organisert som vekessamlingar. I haustsemesteret blir det gjeve undervisning i emnet Skriftkultur. Ei innføring og eitt av dei to emna Språkvitskap og Den nynorske teksten (annakvar haust), medan det kvart vårsemesteret blir gjeve undervisning i Vitskapsteori og metode og Lese- og skrivekunne. Alle emna er på 15 studiepoeng. I tillegg skal studenten skrive ei sjølvvald masteroppgåve som tel 60 studiepoeng. Sjå emnetabellar for meir informasjon om studieløpet.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Lokalt opptak. Søknadskode: 4310

Anbefalt forhåndskunnskap

Bachelorgrad eller tilsvarande  (180 stp) innan humanistiske eller samfunnsfaglege emne, der minimum 20 av studiepoenga må vere frå eit fordjupingsemne (200-nivå). Eksempel på relevante fagområde kan vere etnologi, filosofi, historie, idéhistorie, kulturvern og kulturformidling, lingvistikk, litteraturvitskap, medievitskap, norsk/nordisk, pedagogikk, sosialantropologi, sosiologi og statsvitskap. Søkjarar som har andre relevante fag eller utdanning på same nivå og av tilsvarande omfang, kan søkje om særskild vurdering.