Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Årsstudium
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
60
Søknadsfrist: 15. april
Opptakskrav: GENS
Poenggrenser 2023:
  • Alle (primær)
  • Alle (ordinær)
Studieplasser: 10
Søknadskode (SO): 223211

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

17. april 2024.

Om studiet

Ønskjer du gode basiskunnskapar i språk og litteratur? Då kan Årsstudium i norsk (nordisk) vere noko for deg! Studiet gir mellom anna ei generell innføring i dei litterære hovudsjangrane og språkkunnskap. Tilhøvet mellom språk og samfunn er også ein viktig del av studiet. Årsstudiet gir deg gode og relevante kunnskapar, som er naudsynte, anten du vil bli norsklærar eller bruke fagkunnskapen i andre samanhengar. Dette kan til dømes vere informasjonsarbeid og arbeid i presse og forlag. Norsk (nordisk) årsstudium kan godskrivast i Bachelor i språk og litteratur ved Høgskulen i Volda.

Årsstudiet gir deg grunnleggande kunnskapar om norsk språk og litteratur i fortid og notid. Du skal opparbeide kompetanse til å kunne forstå og gjere greie for korleis språk og tekst fungerer i ulike samanhengar. I tillegg får du ei generell innføring i språkkunnskapar, dei litterære hovudsjangrane og den litterære produksjonen i tre ulike periodar. Det blir lagt vekt på å analysere tekstane i ein kulturell og historisk samanheng.

Undervisningsopplegg

Normert studietid for deltidsstudentar er to år. Undervisinga blir gitt gjennom samlingar og oppgåveskriving med individuell rettleiing. Du har fire emne på 15 studiepoeng – to i språkkunnskap og to i litteraturkunnskap. Kvart emne har fire samlingar. For å få godkjent utdanninga må ein ta eksamen i alle fire emna og skrive to eksamensoppgåver på bokmål og to på nynorsk. I evalueringa av eksamenssvar blir det lagt vekt på både faglege og språklege ferdigheiter. Årsstudium i norsk (nordisk) vert også tilbydd som nettstudium. Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Søk 1. november. Søknadskode: 4164

Anbefalt forhåndskunnskap

Alle utdanninger innen