Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Lavere nivå
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
30
Søknadsfrist: 1. mars

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

31. januar 2024.

Om studiet

Vidareutdanninga er nettbasert og retta mot lærarar som ønskjer meir kompetanse i bruk av nynorsk i opplæringa. Målet med studiet er at studentane skal kunne drive god opplæring i nynorsk på alle nivå i grunnopplæringa i tråd med intensjonane i Læreplanen. Utdanninga er eit tilbod under satsinga Kompetanse for kvalitet frå Utdanningsdirektoratet (UDIR) når det gjeld vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar. All undervisning er nettbasert.

Undervisningsopplegg

Undervisninga er nettbasert og nyttar læringsplattformen Canvas. Nynorsk i opplæringa 1 er delt i tre tema som vil bli introduserte gjennom nettleksjonar fordelt over eitt semester. Kvart tema vil ha ein eigen fagleg profil med tilhøyrande pensumlitteratur og arbeidskrav. Som avsluttande eksamen skal det leverast ei semesteroppgåve på ca 3000 ord. Rettleiing, individuelt og i grupper, er ein viktig del av studiet. Studentane skal utvikle eigen rettleiingskompetanse ved å rettleie kvarandre.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Kompetanse for kvalitet. Søknadskode: 4161

Anbefalt forhåndskunnskap

Fullført lærarutdanning (grunnskulelærar, allmennlærar, førskulelærar, barnehagelærar, eller Praktisk-pedagogisk utdanning PPU).

Alle utdanninger innen