Norsk favoritt ikon

Universitet og høgskole
Vidareutdanninga på masternivå er retta mot deg som har lærarutdanning og minimum 60 studiepoeng i norsk frå før. Studiet inngår i master i Undervising og læring, med spesialiseringar i matematikk, norsk eller spesialpedagogikk. 

Studienivå

Høyere nivå

Studiepoeng

30

Semester

2

Om studiet

Studiet har to emne på 15 studiepoeng kvar: Emnet Lese- og skrivekunne tek for seg lese- og skrivekunne som grunnleggjande ferdigheiter og korleis ein kan arbeide med desse i møte med ulike elevgrupper i skulen. Sentrale studiefelt vil mellom anna vere literacy-omgrepet, leseforståing og lesestrategi, forsking på lese- og skriveopplæring, lesing og skriving i eit begynnarperspektiv, i eit vidaregåande perspektiv og i eit andrespråksperspektiv. Emnet Norskfaget, norsklæraren og klasserommet tek for seg norskfaget si historie med særleg vekt på legitimeringsspørsmål knytt til både norskfaget som heilskap og til ulike emne innanfor faget. Emnet gir òg ei grundig tilnærming til gjeldande læreplanverk og utfordringar knytte til norskfaget i dag. 

Undervisningsopplegg

Undervisninga er samlingsbasert med obligatorisk oppmøte. Arbeidsmåtane i studiet vil veksle mellom førelesingar, seminar og arbeid i mindre grupper. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Informasjon om opptak

Søknadstype: Lokalt opptak. Søknadskode: 4387