Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
6. februar 2023.


Om studiet
Studiet er eit vidareutdanningstilbod til lærarar som har 30 studiepoeng naturfag i si tidlegare utdanning. Gjennom studiet skal studenten tileigne seg eit solid fagleg og fagdidaktisk grunnlag for å kunne planlegge, gjennomføre og evaluere ulike læringsprosessar i naturfag. Didaktikk og fag er integrert i undervisninga slik at studenten får ein profesjonsfagleg tryggleik. Det vert òg vektlagt korleis naturfag kan integrerast i tverrfaglege tema slik som folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap, og bærekraftig utvikling. Studenten skal tileigne seg kompetanse for å undervise naturfag i dagens skule, samt bidra til å utvikle og forme framtidas naturfag ved eigen skule.
Undervisningsopplegg
Studiet er sett saman av dei to emna NF103U (vår) og NF104U (haust), kvart på 15 studiepoeng. Hovuddelen av teoriundervisninga skjer digitalt. Det er obligatorisk frammøte til all praktisk undervisning, som omfattar to samlingar pr. semester á 3 dagar
Opptaksinformasjon
Søknadstype: Lokalt opptak 23. Søknadskode: 4158
Anbefalt forhåndskunnskap
Fullført lærerutdanning og 30 studiepoeng naturfag fra tidligere utdanning (tilsvarende Naturfag 1 for 5.-10. årstrinn, emnene NF101U og NF102U).