Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Årsstudium
Studiepoeng:
60
Søknadsfrist: 15. april
Opptakskrav: GENS
Poenggrenser 2023:
  • Alle (primær)
  • Alle (ordinær)
Studieplasser: 15
Søknadskode (SO): 223667

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

9. februar 2024.

Om studiet

Årsstudium i musikk gir deg eit godt grunnlag for eit yrke innanfor skule- og kultursektoren, til dømes lærar, musikar, låtskrivar, produsent eller arrangør. Du får ta del i eit aktivt og rikt musikkmiljø. Høgskulen har eige kor og symfoniorkester, profesjonelt musikkstudio og gode øvingslokale. Studiet er identisk med første året i Bachelor i musikk ved Høgskulen i Volda. Du kan difor velge å studere vidare og fullføre bachelorgraden. Følg oss på facebook og instagram!

Årsstudium i musikk gir deg grunnleggande kunnskapar innanfor musikkteori, høyrelære, musikkhistorie og spel på hovudinstrument og bruksklaver. Framføringspraksis er ein viktig del,av studiet, og du skal lære korleis du kan formidle musikk på varierte måtar. Som student skal du gjennom praktisk erfaring, utvikle god fagleg innsikt og evne til didaktisk og yrkesetisk refleksjon.

Undervisningsopplegg

Ved Årsstudium i musikk får du ein variert kvardag. Undervisninga vekslar mellom førelesing, verkstadarbeid og arbeid i grupper eller individuelt. Studietur til Ole Bull-akademiet på Voss inngår i studiet. Du skal gjennomføre kurs i folkemusikk og ei veke med musikkdidaktisk praksis i grunnskulen. Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Samordna opptak. Søknadskode: 223 667

Anbefalt forhåndskunnskap