Mediekunnskap favoritt ikon

Universitet og høgskole
Årsstudium i Mediekunnskap ved Høgskulen i Volda gir deg brei innføring i tradisjonelle og nye medium relatert til skule, arbeidsliv og samfunn. Du får også ein introduksjon i design, foto, film- og videoproduksjon og medieteori.

Studienivå

Årsstudium

Søknadsfrist

15. april 2018

Studiepoeng

60

Semester

2

Om studiet

Ved årsstudium i Mediekunnskap får du teoretisk og teknisk kunnskap innanfor mediefeltet, og ei innføring i praktisk medieproduksjon. Du får kompetanse i å skape, presentere og formidle ulike kombinasjonar av tekst-, lyd- og biletemedier ved hjelp av ny, relevant teknologi. Du skal også uføre praktisk arbeid med lyd, film og kampanje, og i tillegg lære korleis ein kan undersøke mediebruk med kvalitativ og kvantitativ metode.

Undervisningsopplegg

Undervisninga er organisert med ein kombinasjon av førelesing, workshops og praktisk arbeid individuelt og i gruppe. Det vert lagt vekt på problembasert og studentaktive arbeidsformer. For auka kvalitet og kontinuitet, krev vi at studentane har eigen PC som er kapabel til mediearbeid. Høgskulen i Volda har i tillegg ein godt utstyrt maskinpark som er tilgjengeleg for studentane til spesielle formål. Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Informasjon om opptak

Søknadstype: Samordna opptak. Søknadskode: 223 663

Informasjon fra Samordna Opptak

Poenggrenser 2018

Oppgis ikke (primær)
Oppgis ikke (ordinær)

Studieplasser

10

Søknadskode (SO)

223663