Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Lavere nivå
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
30

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

2. februar 2024.

Om studiet

Matematikkfaget har i dag høg politisk prioritet. Lærarar som tek vidareutdanning i matematikk er difor etterspurde i skulen. Ved Høgskulen i Volda kan du utvide kompetansen din i dette faget ved å ta deltidsstudium som er spesielt tilrettelagde for yrkesaktive. Studiet har ein kombinasjon av nettundervisning og samlingar. Det er studieavgift på kr 10 000 (kr 5 000 pr. emne), i tillegg til semesteravgift.

Gjennom studiet får du eit godt didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 5.-10. årssteg. Du skal få kompetanse til å undervise matematikk i dagens skule, samstundes som du skal kunne vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtida. Tema i studiet er matematikkdidaktisk forsking og forskingsmetodar, matematisk analyse (funksjonar, derivasjon, integrasjon), talteori, bevis, argumentasjon og matematisk teoridanning.

Undervisningsopplegg

Studiet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester. Nettundervisninga vert gitt delvis i sanntid og delvis som nettleksjonar (i læringsportalen Canvas) som studentane arbeider med asynkront. Undervisning i sanntid vil bli lagt til onsdagar innanfor tidsrommet 14:00-16:00. For å gå opp til eksamen må alle arbeidskrav knytte til emna vere oppfylte. Både didaktiske og matematikkfaglege arbeidskrav inngår. Emnet i haustsemesteret har munnleg eksamen, i vårsemesteret skriftleg eksamen. Eksamen blir gjennomført i Volda.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Lokalt opptak. Søknadskode: 4157

Anbefalt forhåndskunnskap

Fullført lærarutdanning og 30 studiepoeng i matematikk.

Alle utdanninger innen