Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Lavere nivå
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
30
Søknadsfrist: 1. mars

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

6. februar 2023.

Om studiet

Matematikkfaget har i dag høg politisk prioritet. Lærarar som tek vidareutdanning i matematikk er difor etterspurde i skulen. Ved Høgskulen i Volda kan du utvide kompetansen din i dette faget ved å ta deltidsstudium som er spesielt tilrettelagde for yrkesaktive. Studiet skal gi deg eit didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planlegge, organisere, tilpasse og gjennomføre ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 1.-7. steg. Utdanninga er eit tilbod under satsinga Kompetanse for kvalitet frå Utdanningsdirektoratet (UDIR) når det gjeld vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar.

Undervisningsopplegg

Studiet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester. Undervisninga vil i hovudsak vere nettleksjonar (i læringsportalen Canvas) som studentane arbeider med asynkront. I tillegg blir det gitt tilbod om frivillige nettmøte som gir mulegheit til sanntidskommunikasjon m.a. med diskusjon og gjennomgang av oppgåver. For å gå opp til eksamen må alle arbeidskrav knytte til emna vere oppfylte. Både didaktiske og matematikkfaglege arbeidskrav inngår. Emnet i haustsemesteret har skriftleg eksamen, i vårsemesteret munnleg eksamen. Eksamen blir gjennomført i Volda.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Kompetanse for kvalitet. Søknadskode: 4160

Anbefalt forhåndskunnskap

Fullført lærarutdanning (grunnskulelærar, allmennlærar, førskulelærar, barnehagelærar, eller Praktisk-pedagogisk utdanning PPU).

Alle utdanninger innen