Matematikk 1 for 1.–7. årssteg, Kompetanse for kvalitet favoritt ikon

Universitet og høgskole
Vidareutdanningstilbodet er retta mot lærarar som har lite eller ingen matematikk i si tidlegare utdanning og tilsvarar Matematikk 1 i grunnskulelærarutdanninga for 1.–7. klassesteget. Studiet er tilrettelagt og reservert for lærarar som er tekne opp gjennom Kunnskapsdepartementet si satsing Kompetanse for kvalitet. Studiet har ein kombinasjon av nettundervisning og samlingar.

Studienivå

Lavere nivå

Søknadsfrist

1. mars 2018

Studiepoeng

30

Semester

2

Om studiet

Gjennom studiet skal studenten tileigne seg eit didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planlegge, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 1.-7. steg. Studenten skal få kompetanse til å undervise matematikk i dagens skule, samstundes som han skal kunne vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtida.  Faglege tema i studiet er mellom anna tallære, algebra, statistikk, sannsyn, geometri, måling og funksjonsomgrepet. Didaktiske tema er mellom anna læringsteoriar i matematikk, arbeidsmåtar og metodar i klasserommet, begynnaropplæring, matematikkvanskar, vurdering og bruk av IKT i matematikk. Tidsplan for studieåret 2018/2019.

Undervisningsopplegg

Studiet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester. Nettundervisninga vert gitt i Fronter og Adobe Connect. Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett (av god kvalitet), nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon. Begge emna i studiet har arbeidskrav som må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.

Informasjon om opptak

Søknadstype: Kompetanse for kvalitet. Søknadskode: 4160