Manusutvikling og stemmeskodespel favoritt ikon

Universitet og høgskole
Korleis skrive eit godt manus? Kva er forskjellen på å dubbe ein animasjonsfilm og lese inn ei lydbok? Korleis adaptere eit kunstnarleg uttrykk til eit anna? Korleis lagar ein radioteater? Om du vil utvikle deg som utøvar i eit kreativt studentmiljø og lære nye kunnskapar og ferdigheiter, er dette studiet for deg.

Studienivå

Lavere nivå

Søknadsfrist

15. april 2018

Studiepoeng

30

Semester

2

Om studiet

Studiet gir kunnskap om utvalde retningar innanfor manusutvikling og kunnskap om eit breidt spekter av formidlings- og kommunikasjonsformer i ulike auditive media. Du skal få ferdigheiter i utvalde skodespelteknikkar og lære å bruke drama- og teaterfaglege arbeids- og uttrykksformer i kunstnarleg formidling. Du skal få ferdigheiter i utvalde stemmeskodespelteknikkar og lære å bruke ulik programvare til kuntnarleg formidling. Utdanninga samarbeider med mange lokale og nasjonale institusjonar (td. KHIO, Lydbokforlaget og NRK)

Undervisningsopplegg

Studiet er samlingsbasert og undervisninga vert organisert i seminar, workshops, praktisk undervisning, gruppearbeid, individuelt arbeid og førelesingar. All undervisning er obligatorisk, med eit godkjent frammøte på minimum 80% per samling. Det vil bli arrangert obligatoriske visingar/lesingar, såkalla Husteater, for eit ope publikum. Det er lagt inn 1-2 studiereiser til eigen kostnad  i løpet av studiet. Klassesett med manus, lydbøker og høyrespel vert lånt ut til studentane.

Informasjon om opptak

Søknadstype: Lokalt opptak. Søknadskode: 4238