Leiing og åtferd favoritt ikon

Universitet og høgskole
Kva er sambandet mellom leiing og åtferd i barnehage og skule? Kva konsekvensar har dette for læringsmiljøet? Våren 2018 kan du ta 15 studiepoeng i emnet Leiing og åtferd ved Høgskulen i Volda.

Studienivå

Høyere nivå

Søknadsfrist

1. desember 2017

Studiepoeng

15

Semester

1

Om studiet

Emnet set søkjelys på ulike forklaringsmodellar sine bidrag til ei heilskapleg forståing av åtferd og kva konsekvensa dei får for tiltak i barnehage og skule. Temaa vert drøfta frå både eit individ- og eit systemperspektiv, og ein vektlegg kva som påverkar læringsmiljøet både i barnehage og skule. Det vert lagt vekt på lærarrolla, gruppe-/ klasseleiing og mobbing. Organisasjonsperspektiv og implementeringsarbeid inngår også i dette. Leiing og åtferd inngår i masterprogrammet Undervisning og læring, men kan takast som sjølvstendig emne. Les meir i emneplanen.

Undervisningsopplegg

Emnet er organisert med samlingar over to dagar om lag kvar fjerde veke. Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og gruppearbeid. Det er obligatorisk frammøte til alle samlingane.

Informasjon om opptak

Søknadstype: Stengt for søking. Søknadskode: 4318