Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Lavere nivå
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
30
Søknadsfrist: 1. mars

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

14. mars 2022.

Om studiet

Vidareutdanninga er tilrettelagt for lærarar som ønskjer å få teoretisk og fagdidaktisk kunnskap, samt praktisk erfaring i kunst og handverk som skulefag. Utvikling av kompetanse i å planlegge, gjennomføre og vurdere står sentralt. Det vert lagt vekt på å gi studentane profesjonsfagleg digital kompetanse. Arbeidsformene i studiet vil veksle mellom teoretisk tilnærming, praktisk utøvande arbeid og didaktisk refleksjon knytt til studenten sin eigen praksis. Utdanninga er eit tilbod under satsinga Kompetanse for kvalitet frå Utdanningsdirektoratet (UDIR) når det gjeld vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar. Les meir i studieplanen.

Undervisningsopplegg

Vidareutdanninga er organisert som eit kombinert nett- og samlingsbasert tilbod med to samlingar pr. semester. Samlingane vil sikre at studentane får nødvendig undervisning i praktisk arbeid i verkstadane, erfaring i bruk av verktøy og maskiner, samt kunnskap om varierte arbeidsmåtar og prosessar, som står sentralt i kunst og handverksfaget. I tillegg til samlingane er det lagt opp til eitt nettmøte pr. veke. Det vert gjeve undervegsvurderingar i undervisningsituasjonar og over nett. For å kunne gå opp til eksamen må 80 % av alle nettleksjonar gjennomførast innan fastsatt frist. Eksamen er sett saman av praktiske og teoretiske oppgåver. Eksamen vert vurdert til stått/ ikkje stått.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Kompetanse for kvalitet. Søknadskode: 4204

Anbefalt forhåndskunnskap

Fullført lærarutdanning.

Alle utdanninger innen