Kulturmøte favoritt ikon

Universitet og høgskole
Med utgangspunkt i faga historie og religion er Master i Kulturmøte eit studium om møte mellom kulturar: regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Reiseverksemd, migrasjon og nye kommunikasjonsteknologiar fører menneske frå ulike kulturar i tettare kontakt med kvarandre. Denne utviklinga skaper behov for å forstå kulturmøte både i eit historisk perspektiv og ut frå vår samtid.

Studienivå

Master, 2 år

Søknadsfrist

1. mars 2018

Studiepoeng

120

Semester

4

Om studiet

Programmet er bygd opp av fire kulturhistoriske emne, kvart på 15 studiepoeng, og ei mastergradsoppgåve på 60 studiepoeng. Det vil kvart år bli gitt tilbod til studentane om å skrive masteroppgåve innanfor prosjekt som programansvarleg tilbyr. Obligatoriske emne: Nasjon, kultur og religion Vitenskapsteori og metode inkl. prosjektomtale/oppgåvedisposisjon Masteroppgåve i Kulturmøte Valbare emne: Brennpunkt Midtausten Sekularitet og skule i møte med religiøs pluralitet. Migrasjon, kjønn og religion Mikrohistorie Det vert vektlagt å gi studentane kompetanse til å leie arbeid med kulturell integrering, og kunne planleggje og gjennomføre FOU-prosjekt – åleine og i samarbeid med andre. 

Undervisningsopplegg

I Studiet vert det nytta varierte undervisnings- og arbeidsformer – seminar og førelesning, i tillegg til prosessorientert skriving. Når det gjeld den teoretiske delen, dvs. dei to obligatoriske emna og dei to valfrie emna, vert det gitt intensivundervisning i to veker i haustsemesteret (obligatoriske emne) og to veker i vårsemesteret (valfrie emne). Oppgåvedelen av studiet gjennomfører studenten i samråd med rettleiaren. Det er viktig med gode leseferdigheiter i engelsk, da ein del av pensumlitteraturen ikkje er omsett til norsk. Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Informasjon om opptak

Søknadstype: Lokalt opptak. Søknadskode: 4360

Utveksling

Det vil bli lagt til rette for utanlandsopphald på eitt til to semester ved samarbeidsinstitusjonar i utlandet, til dømes ved University of Limerick i Irland eller ulike spanske og skotske universitet.