Journalistikk, spesialisering tv/radio favoritt ikon

Universitet og høgskole
Ønskjer du eit kreativt yrke? Ved bachelor i Journalistikk, spesialisering i TV og radio, blir det lagt særleg vekt på bruk av lyd og levande bilete. I løpet av studiet vil du få praktisk erfaring med innhaldsproduksjon både på høgskulen og i eksterne redaksjonar. I følge ferske tal frå Studiebarometeret har Høgskulen i Volda landets mest fornøgde journalistikkstudentar.

Studienivå

Bachelor, 3 år

Søknadsfrist

15. april 2019

Studiepoeng

180

Semester

6

Om studiet

Journalistutdanninga gir deg ei brei innføring i kringkastingsjournalistikken sine mange format, teknikkar og teknologiar. Studiet gir også kompetanse i nettpublisering, som i dag er ein sentral del av TV- og radiojournalistikken. Du får du god trening i journalistisk arbeid og kunnskap og innsikt i aktuelle samfunnsspørsmål. Det vert lagt vekt på å gi studentane ei medviten haldning til tale-, bilete- og skriftspråket som sosialt fenomen og kommunikasjonsmiddel. Utdanninga disponerer topp moderne utstyr, og undervisninga er basert på dei nyaste publiseringsprogramma.

Undervisningsopplegg

Undervisninga er organisert i ein kombinasjon av teori og praksis med førelesingar og praktiske oppgåver, enkeltvis og i grupper. Arbeidet varierer frå dei enklaste journalistiske arbeidsteknikkar til meir analyserande og undersøkjande journalistikk. I løpet utdanninga skal du ha fire periodar med obligatorisk praksis. I det siste semesteret blir studentane utplassert i attraktive praksisplassar i ulike mediebedrifter. Her skal dei inn i ein redaksjon og arbeide som journalistar. Det siste året må studentane søkje hovudspesialisering i anten fjernsyn eller radio. Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Informasjon om opptak

Søknadstype: Samordna opptak. Søknadskode: 223 849

Utveksling

Studentane kan ta delar av journalistikkutdanninga i utlandet. Vi vil mellom anna rå til utveksling til våre samarbeidsinstitusjonar i Australia, Belgia, Danmark, Irland, Storbritannia eller Tyskland. Det er også mogleg å ha studieopphald på dei andre nordiske journalistutdanningane.  

Informasjon fra Samordna Opptak

Poenggrenser 2018

46.70 (primær)
50.60 (ordinær)

Studieplasser

30

Søknadskode (SO)

223849

Lignende utdanninger