Nøkkelinformasjon

Logo Høgskulen i Volda
Logo Høgskulen i Volda

Lærested

Studiested

Høgskulen i Volda

Nivå

Master, 2 år

Studiepoeng

120

Semester

4

Søknadsfrist

20. april

Om studiet

Masterutdanninga gir deg kunnskap om korleis du som sosial- og helsearbeidar kan bidra til at brukarar kan meistre utfordringar i ulike tilstandar og livsfasar. Gjennom fokus på relasjonsorientert brukarretta kommunikasjon, samarbeid med brukarar, pårørande og andre profesjonelle lærer du kva som kan fremje utvikling, meistring og myndiggjering (empowerment). Du vil få omfattande innsikt i korleis strukturelle forhold bidreg til ulike vilkår for meistring for ulike brukargrupper. Studiet vil bidra til at du utviklar kunnskap, ferdigheiter, haldningar og etisk medvit, for å fremje eigen meistring og myndiggjering i din profesjonelle rolle.

Undervisningsopplegg

Masterstudiet rettar seg mot både helse- og sosialsektoren. Det tverrfaglege studiemiljøet gir studentane ein annan lærings- og danningsprosess enn reine sosial- og helseutdanningar. Møte med ulike faglege perspektiv er ei viktig målsetting med studiet. Masterstudiet kan gjennomførast som heiltidsstudium over to studieår, eller som deltidsstudium, fortrinnsvis over fire studieår. Det er høve til å starte studiet både haust og vår, men dersom ein vil gjennomføre studiet som fulltidsstudent over to år, må ein starte i haustsemesteret. Alle emne med 15 studiepoeng vil gå over eit semester, medan emne med 30 studiepoeng vil gå over to semester. Samlingane er lagt til Høgskulen i Volda. Mellom samlingane vil samarbeidet mellom lærar og student foregå nettbasert med hjelp av e-læringsverktøy (Canvas). Emna vil bli arrangert slik at fulltidsstudentar til vanleg kan følgje to emne på 15 studiepoeng i kvart semester.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Lokalt opptak. Søknadskode: 4538

Anbefalt forhåndskunnskap

Bachelorgrad i helsefag, sosialfag eller pedagogiske fag. Cand.mag.-grad med relevant fagsamansetjing. Annan relevant grad eller utdanningsløp av minimum tre års omfang. For dei to siste punkta er det krav om at studiet har 80 relevante studiepoeng, derav minimum 20 studiepoeng på fordjupingsnivå.

Utveksling

Som student ved master i Helse- og sosialfag – meistring og myndiggjering kan du etter søknad få godkjent relevante emne gjennomført ved universitet eller høgskular i utlandet.

Alle utdanninger innen