Forteljing og teaterproduksjon favoritt ikon

Universitet og høgskole
Korleis vert framsyning laga? Korleis vert eit ensemble skapt? Korleis bli ein betre forteljar? Studieprogrammet er retta mot deg som vil arbeide med drama og teater i skule, kulturskule og anna kulturverksemd, eller mot deg som siktar mot vidare teaterutdanning. 

Studienivå

Lavere nivå

Søknadsfrist

15. april 2018

Studiepoeng

30

Semester

2

Om studiet

Studieprogrammet er sett saman av to obligatoriske emne, og gir deg innføring teater og dramafag. Du skal jobbe med t.d. improvisasjon og teatersport, lage teaterframsyningar, skape forteljarteater, arbeide med lesing, analysering og iscenesetjing av dramatiske tekster. Alle studentar tek del i ei rekkje fellesproduksjonar, ”husteater”, der dei får teste og utvikle sine kreative og handverksmessige evner, i tillegg til samarbeidsevner. Studiet inneheld desse to emna: Teaterproduksjon 1: Skodespelarteknikk og ensemblebygging (haust) Forteljing og formidling (vår) Seksjon for drama og teater har eigne teaterlokale med blackbox og whitebox, kostyme- og scenografilager, eige lydstudio og verkstad. Utdanninga samarbeider med mange lokale, nasjonale og internasjonale institusjonar. Ved teaterstudiet i Volda er studenten si innnlevelsesevne og relasjonskompetanse svært viktig. Undervisninga er basert på studentaktive arbeidsmåtar som krev deltaking, medansvar og evne til samarbeid. Arbeidet i studiet er i stor grad fysisk, og ei god kontroll over eigen kropp er ein føresetnad.

Undervisningsopplegg

Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, med m.a. seminar, workshops, førelesingar, prosjektarbeid, framføring, sjølvsstudium, gruppearbeid og rettleiing.  Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Informasjon om opptak

Søknadstype: Lokalt opptak. Søknadskode: 4005