Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Master, 2 år
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
90
Søknadsfrist: 15. april

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

9. februar 2024.

Om studiet

Den erfaringsbaserte mastergraden er retta mot lærarar som har 60 studiepoeng i samfunnsfag, og som ønskjer å oppnå lektorkompetanse. Utdanninga er profesjonsretta, og det er lagt opp til at studentane skal sjå praksiserfaringane sine opp imot aktuell fagteori og forsking. Fordjupingsfaget blir også sett i ein historisk og samfunnsmessig samanheng. Studiet gir kompetanse for å kunne tilpasse opplæringa i samfunnsfag til ei mangfaldig elevgruppe. Undervisninga er lagt til høgskulen ein til to dagar i veka.

Fordjupinga består av 3 emne på 15 studiepoeng. Samla sett utgjer desse emna den faglege profilen til fordjupingsfaget. Profilen til dei enkelte faglege fordjupingane er skildra i introduksjonen til emneplanane. Emna er forskingsbaserte som betyr at studentane møter lærestoff med perspektiv på både metode og vitskapsteori gjennom heile studiet. I tillegg er vitskapsteori og metode eit eige emne på 15 studiepoeng. Emnet skal gi studentane innføring i vitskapsteori og metode som dannar grunnlag for å gjennomføre eit forskingsarbeid på masternivå. Masteroppgåva på 30 studiepoeng avsluttar studiet. Studentane skal planlegge og gjennomføre eit individuelt og sjølvstendig vitskapleg arbeid og dokumentere dette i ei masteroppgåve med krav om vitskapleg framstilling.

Undervisningsopplegg

Undervisninga er lagt til Høgskulen i Volda og er dialogbasert og forskingsbasert. Studentane skal arbeide i grupper, arbeide med ulike arbeidskrav, oppgåveskriving, litteraturstudium, feltarbeid/datainnsamling og rettleiing.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Lokalt opptak 2023. Søknadskode: 4537

Anbefalt forhåndskunnskap

Fullført lærarutdanning, 60 studiepoeng i samfunnsfag med snittkarakter C og minimum to års relevant yrkespraksis.