Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Master, 2 år
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
90
Søknadsfrist: 15. april

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

9. februar 2024.

Om studiet

Den erfaringsbaserte mastergraden er retta mot lærarar som har 60 studiepoeng i norsk, og som ønskjer å oppnå lektorkompetanse. Utdanninga er profesjonsretta, og det er lagt opp til at studentane skal sjå praksiserfaringane sine opp imot aktuell fagteori og forsking. Fordjupingsfaget blir også sett i ein historisk og samfunnsmessig samanheng. Studiet gir kompetanse for å kunne tilpasse opplæringa i norsk til ei mangfaldig elevgruppe. Undervisninga er lagt til høgskulen ein til to dagar i veka.

Fordjupinga består av 3 emne på 15 studiepoeng. Samla sett utgjer desse emna den faglege profilen til fordjupingsfaget. Emna er forskingsbaserte som betyr at studentane møter lærestoff med perspektiv på både metode og vitskapsteori gjennom heile studiet. I tillegg er vitskapsteori og metode eit eige emne på 15 studiepoeng. Her får studentane innføring i vitskapsteori og metode som skal gi grunnlag for å gjennomføre eit forskingsarbeid på masternivå. Masteroppgåva på 30 studiepoeng avsluttar studiet. Studentane skal planlegge og gjennomføre eit individuelt og sjølvstendig vitskapleg arbeid og dokumentere dette i ei masteroppgåve med krav om vitskapleg framstilling.

Undervisningsopplegg

Undervisninga er lagt til Høgskulen i Volda og er dialogbasert og forskingsbasert. Studentane skal arbeide i grupper, arbeide med ulike arbeidskrav, oppgåveskriving, litteraturstudium, feltarbeid/datainnsamling og rettleiing. Det vil bli arrangert eit oppstartsseminar, midtvegsseminar og sluttseminar knytt til arbeid med masteroppgåva.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Lokalt opptak 2023. Søknadskode: 4531

Anbefalt forhåndskunnskap

Fullført lærarutdanning, 60 studiepoeng i norsk med snittkarakter C og minimum to års relevant yrkespraksis.

Utveksling

Det vert arrangert studietur til Schæffergaarden, København for studentar med masterfordjupning i norsk.