Fakta
Studiepoeng:
60
Søknadsfrist:
15. april
Opptakskrav:
GENS
Poenggrenser 2023:
- Alle (primær)
- Alle (ordinær)
Studieplasser:
5
Søknadskode (SO):
223170
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
25. april 2024.
Om studiet
Årsstudiet gir deg etterspurt kompetanse til jobbar i skule, reiseliv, administrasjon, forlag, og andre stadar der det blir krevd gode engelskkkunnskapar Du får ei grunnleggande innføring i engelskfaget sine akademiske disiplinar: språk, litteratur og kulturkunnskap. Studiet kvalifiserer for vidare studium i engelsk på fordjupingsnivå, og kan godskrivast i Bachelor i språk og litteratur ved Høgskulen i Volda.
I løpet av studietida skal du opparbeide deg kunnskapar i grammatikk, fonetikk og litteratur før og etter 1900-talet. Du lærer å bruke engelsk sikkert og funksjonelt, både skriftleg og munnleg. I tillegg får du erfaring med å identifisere og analysere språkstrukturar, eldre og nyare engelskspråkleg litteratur og samfunnsstilhøve, hovudsakleg frå britisk og amerikansk område.
Undervisningsopplegg
Undervisninga på engelskstudiet varierer mellom forelesingar, diskusjonar, gruppearbeid og individuelt arbeid. Du får også delta på eit to-vekers studieopphald ved Det norske studiesenteret i York i England. Som deltidsstudent fullfører du 15 studiepoeng kvart semester. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.
Opptaksinformasjon
Søknadstype: Søk 1. november. Søknadskode: 4169