Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
6. februar 2023.


Om studiet
Vidareutdanninga er retta mot lærarar i grunnskulen, og kvalifiserer for undervisning i engelsk språk, fagdidaktikk og litteratur/kultur. Studiet omfattar grammatiske og fonologiske strukturar i det engelske språket og utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og produktivt ordforråd. Det vert fokusert på moderne kulturuttrykk og samfunnsmessige trekk frå heile den engelskspråklege verda, i tillegg til populærkultur som film og musikk. Studiet har 2 samlingar i Volda kvart semester. I tillegg vert det ei vekesamling ved Det norske studiesenteret i York i haustsemesteret. Utdanninga er eit tilbod under satsinga Kompetanse for kvalitet frå Utdanningsdirektoratet (UDIR) når det gjeld vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar.
Undervisningsopplegg
Undervisninga er planlagt som ein kombinasjon av nettleksjonar til strøyming, seminardiskusjonar på nett og innlevering av arbeidskrav. Studiet har 2 samlingar i Volda kvart semester. I tillegg vert det ei vekesamling ved Det norske studiesenteret i York i haustsemesteret. For å gå opp til eksamen må alle arbeidskrav knytte til emna vere oppfylte. Endeleg vurdering i emna skjer på grunnlag av mappeinnlevering / arbeidskrav, individuell heimeeksamen og munnleg eksamen. Eksamen vil vere ei prøve av både pensumkunnskap og språkbruk.
Opptaksinformasjon
Søknadstype: Kompetanse for kvalitet. Søknadskode: 4147
Anbefalt forhåndskunnskap
Fullført lærarutdanning (allmennlærar, grunnskulelærar, Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).