Engelsk 1 for 5.–10. årssteg, Kompetanse for kvalitet favoritt ikon

Universitet og høgskole
Studiet er retta mot lærarar i grunnskulen som er tatt opp gjennom Kunnskapsdepartementet sitt program for vidareutdanning, Kompetanse for kvalitet. Utdanninga gir lærarar ei innføring i engelsk språk, fagdidaktikk og litteratur/kultur som kvalifiserer til undervisning i faget på mellom- og ungdomssteget.

Studienivå

Lavere nivå

Søknadsfrist

1. mars 2018

Studiepoeng

30

Semester

2

Om studiet

Studiet omfattar kunnskap om grammatiske og fonologiske strukturar i det engelsk språket og utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og produktivt ordforråd. Det tek for seg moderne kulturuttrykk og samfunnsmessige trekk frå heile den engelskspråklege verda, i tillegg til populærkultur som film, musikk og liknande. Kunnskap om og trening i å lese og bruke litterære tekstar for unge står sentralt i studiet. Det blir lagt vekt på engelskundervisning for 5.–10. årssteg, kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og deira språkutvikling. Studentane vil få innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar.

Undervisningsopplegg

Studiet er nettbasert, undervisninga blir gitt i form av nettforelesingar, innlevering av arbeidskrav, seminardiskusjonar på nett, to 2-dagarssamlingar i Volda kvart semester. I vårsemesteret får studentane tilbod om ei vekesamling ved det norske studiesenteret i York. Samlinga er ikkje obligatorisk, men det vert forventa at ein så langt det er råd prioriterer å delta, alternativ er eit ekstra arbeidskrav. Høgskulen i Volda dekker overnatting og kursavgift. Vikar, reise- og kostutgifter må studenten dekke sjølv eller gjere eigen avtale med arbeidsgjevar på førehand. Nettundervising vert gitt i læringsportalen Canvas og Adobe Connect. Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera og hovudtelefon med mikrofon. For å gå opp til eksamen må alle arbeidskrav knytte til emna vere oppfylte.

Informasjon om opptak

Søknadstype: Kompetanse for kvalitet. Søknadskode: 4147