Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Lavere nivå
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
30
Søknadsfrist: 1. mars

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

6. februar 2023.

Om studiet

Vidareutdanninga er retta mot lærarar i grunnskulen, og kvalifiserer for undervisning i engelsk språk, kommunikasjon og litteratur/kultur. Studiet omfattar grammatiske strukturar og lydsystemet i det engelske språket og utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og produktivt ordforråd. Det blir lagt vekt på engelskundervisning for 1.–7. årssteg, kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og deira språkutvikling. Studentane vil få innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar. Utdanninga er eit tilbod under satsinga Kompetanse for kvalitet frå Utdanningsdirektoratet (UDIR) når det gjeld vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar.

Undervisningsopplegg

Undervisninga er planlagt som ein kombinasjon av nettleksjonar til strøyming, seminardiskusjonar på nett og innlevering av arbeidskrav. Studiet har 2 samlingar i Volda kvart semester. I tillegg vert det ei vekesamling ved Det norske studiesenteret i York i haustsemesteret. Læringsportalen Canvas og videosystemet Zoom vert nytta. For å gå opp til eksamen må alle arbeidskrav knytte til emna vere oppfylte. Endeleg vurdering i emna skjer på grunnlag av mappeinnlevering / arbeidskrav, individuell heimeeksamen og munnleg eksamen. Eksamen vil vere ei prøve av både pensumkunnskap og språkbruk.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Kompetanse for kvalitet. Søknadskode: 4145

Anbefalt forhåndskunnskap

Fullført lærarutdanning (grunnskulelærar, allmennlærar, førskulelærar, barnehagelærar, eller Praktisk-pedagogisk utdanning PPU).

Alle utdanninger innen