Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Lavere nivå
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
15

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

25. april 2024.

Om studiet

Tilbodet er eit fordjupingsemne i arealplanlegging og GIS og bygger på innføringsemnet IPA173.

Emnet skal gje ei forståing for planlegginga si rolle i samfunnsutviklinga som del av det offentleg forvaltingsapparatet. Konkrete arealplanprosessar vert lagt til grunn for undervisninga. Sentrale tema er GIS som verktøy for analyse, avgjerdstøtte og medverknad i planlegging samt plankonstruksjon. Metodikk for konsekvensutgreiing og risiko- og sårbarheitsanalyse vert diskutert. Emnet er ein god basis for dei som skal arbeide i kommunal sektor med planfaglege oppgåver, og for dei som ynskjer å gå vidare i eit planorientert studium. Les meir om emnet

Undervisningsopplegg

Undervisinga i emnet går over eit semester. I tillegg til førelesingar, vert det gitt rettleiing i samband med øvingar, utarbeiding av arbeidskrav og semesteroppgåve.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Søk 1. november. Søknadskode: 3936

Anbefalt forhåndskunnskap

IPA173 eller tilsvarande og til saman minimum 30 studiepoeng