Nøkkelinformasjon
Nivå
Semester
Studietempo
DeltidSøknadsfrist
1. marsOm studiet
Andrespråkspedagogikk gir teoretisk og didaktisk grunnlag for å handtere utfordringar og moglegheiter som den fleirkulturelle og fleirspråklege skulen gir. Studiet gir lærarar på 1.-10. trinn kompetanse for utvikling av undervisning for fleirspråklege elevar som held på å lære norsk. Sentrale tema er fleirspråklegheit og norsk i andrespråkperspektiv, tilpassa opplæring og utvikling av eit inkluderande læringsmiljø, andrespråkslæring, kartleggingsverktøy og lov- og planverk som gjeld for minoritetsspråklege elevar i skulen. Studiet er eit vidareutdanningstilbod for lærarar og skuleleiarar under satsinga Kompetanse for kvalitet frå Utdanningsdirektoratet (UDIR)
Undervisningsopplegg
Undervisninga i kvart emne er organisert i tre obligatoriske samlingar som går over to heile dagar på campus Høgskulen i Volda. Mellom samlingane er det lagt opp til at studentane gjennomfører didaktiske opplegg på eigen arbeidsplass, og arbeider med ulike nettbaserte undervisningsopplegg på læringsplattforma Canvas. Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett. Vurderingsordningar: Haustsemesteret: Ein individuell, skriftleg heimeeksamen over to dagar. Vårsemesteret: Ein individuell munnleg eksamen
Opptaksinformasjon
Søknadstype: Kompetanse for kvalitet. Søknadskode: 4398
Anbefalt forhåndskunnskap
Fullført lærarutdanning, minimum 30 studiepoeng i norsk og være tilsett i ei lærarstilling.