Lesing 1 - kompetanse for kvalitet favoritt ikon

Universitet og høgskole
Lesing 1 er innretta mot begynnaropplæring i lesing. Samanhengen mellom teori og praksis dannar grunnlaget for studiet, og derfor er ein sentral del av arbeidet knytt til eigen undervisningspraksis / eigne praksiserfaringar. Samlingane vil truleg vere på torsdagar og fredagar.

Studienivå

Lavere nivå

Studiepoeng

30

Semester

2

Om studiet

Lesing er både ein norskfagleg og fleirfagleg kompetanse, og studiet tar sikte på å kvalifisere til arbeid med å utvikle skriftspråkkompetanse på barnetrinnet i den fleirkulturelle skolen. Å gjere elevane i stand til å lese, forstå og tolke og til sjølv å produsere eit breitt spekter av tekstar. Det dreier seg altså om skriftspråkskompetanse, der lesing, skriving og munnleg bruk av språket er sentrale delkompetansar. Les 1 legg vekt på samanhengen mellom desse, med hovudvekt på lesing.

Innhaldet i Emne 1 og Emne 2 vert knytt opp mot praktisk arbeid med læreplanen for barnetrinnet med vekt på å operasjonalisere og konkretisere kompetansemåla i dei enkelte faga i samband med lesing og skriving. Tilpassa opplæring er eit grunnleggjande prinsipp i arbeidet med å bryte ned læreplanmåla på trinn og nivå og vert sett i samanheng med konkrete tiltak og metodar for organiseringa av opplæringa.

I samarbeid med Seksjon for digital kompetanse vert det gjennomført undervisning om korleis ein kan nytte ulike digitale læringsressursar i det pedagogiske arbeidet i skolen, til dømes digital tavle, verktøy for digital forteljing og wikiverktøy. Gjennom eigenerfaring og kunnskap om korleis ein kan nytte IKT på ulike måtar stimulerer studiet til refleksjon over moglegheiter og utfordringar knytt til den digitale utviklinga i skolen og samfunnet.

NB. Pensumlista skal reviderast før studieåret 2014/2015.

Opptakskrav

Opptakskrav er bestått lærarutdanning.

 

Studentar som får tilbod om studieplass, må vere i arbeid som lærar.

Karrieremuligheter

Studiet er nettbasert med samlingar og går over eitt år. Det er tre samlingar i haustsemesteret (emne 1, 15 stp.) og tre samlingar i vårsemesteret (emne 2, 15 stp.). Kvar samling går over to dagar. I tillegg til undervisning blir samlingane brukt til erfaringsdeling med utgangspunkt i praksisopplegg studentane gjennomfører i eigen klasse.

Studentane arbeider med sjølvstudium og oppgåver til fagstoffet mellom samlingane. Oppgåvene knyter saman teoretisk fagstoff, didaktisk refleksjon og praksisaktivitetar i klasserommet. Utprøving i eigen arbeidssituasjon og bruk av eigne didaktiske erfaringar er sentrale element.

I samråd med studentane vert det oppretta faste grupper ved studiestart. Gruppene støttar kvarandre i arbeidet, utvekslar erfaringar og diskuterer fagleg på nettet og kommenterer og gir respons på oppgåver/fagtekstar. Det faglege arbeidet vert dokumentert gjennom innleverte arbeidskrav gjennom heile studieåret. Nokre arbeidskrav er individuelle, medan andre er knytt til gruppearbeid. Ein må ha fått godkjend alle arbeidskrava for å få rett til å gå opp til eksamen. Det er krav om bruk av både nynorsk og bokmål som målform.

Det er mogleg å byggje på med 15 + 15 studiepoeng (Lesing 2) der innhaldet er knytt til vidaregåande leseopplæring i barneskolen. Målgruppe er lærarar med fullført lærarutdanning, fortrinnsvis tilsett på barnetrinnet. Studiet tek sikte på å kvalifisere lærarar til arbeid med å organisere og drive tilpassa lese- og skriveopplæring på begynnartrinnet i den fleirkulturelle skolen etter fagleg grunngitte prinsipp.

Tilbys ved:

  • Studiested Pilestredet