Nøkkelinformasjon

Om studiet

Lær film & foto gjennom praktisk arbeid og eksperimentering i eit kreativt miljø. Filmfestivalar, utstillingar, kunstfoto, kortfilmar, analogt og digitalt. Interrail gjennom Europa og turar i Norge.

Film og Foto har fokus på praktisk tilnærming, kreativt og skapande arbeid. Med støtte fra erfarne lærarar, realiserer du dine kreative idear og prosjekt. Gjennom utforskning og eksperimentering utviklar du deg som filmskapar og fotograf. 

Me jobbar både digitalt og analogt med fotografi og lagar fleire utstillingar. Opplev magien i mørkerommet og jobb med gamle teknikkar i moderne uttrykk. Me produserer kortfilmer og jobbar mot filmfestivalar som Amandus Studentfilmfestival og Minimalen. Dei siste åra har me blitt nominert på begge festivalane! På hausten besøkjer me Bergen Internasjonale Filmfestival der me får sjå mange spennande førpremierar. 

Skulen har eit godt kreativt miljø og linja jobbar tett med musikklinjene og datalinjene. I fellesskap lagar me musikkvideoar, kortfilmar og produserer utstllingar saman. Kvart år jobbar me for eksterne aktørar som Vossa Jazz, Osafestivalen og Ekstremsportfestivalen. Ei fantastisk mogelegheit til å prøve seg som profesjonell fotograf.

Som elev på Voss vil du såklart ha mogelegheit til å prøve noko av det som gjer Voss til Ekstremsportsbygda. Alle elevar får prøve rafting og flyging hos VossVind. I tillegg får alle elevar årskort til Voss Gondol/skiheisane, og ikkje minst har du tilgang til flott natur heile året. 

@vossfhsfilmfoto

@vossfhs 

Sjekk ut fleire filmar her: 

https://www.youtube.com/channel/UCRGHz31j-OZj8IC9VbkDfSA

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.