Nøkkelinformasjon

Om studiet

Opplev verda. Reis med hjarte!

I Tanzania møter du menneske som slåss mot ekstrem fattigdom. Som ein kontrast til det får du også med deg turkisfarga hav, og på safari får du solnedgang over løver og giraffar.

I Sør-Afrika går du i fotspora til Nelson Mandela, frå Soweto der han budde, til Pietermaritzburg der han vart arrestert, og vidare til Robben Island der han sat fengsla.

I Israel og Palestina møter du folk på begge sider av konflikta som arbeider for rettferd og fred, du er på hike med beduinar og vil kanskje sove ute under open himmel i ørkenen.

Heime i Norge får du det beste av folkehøgskulelivet, og det beste av naturen på Sunnmøre. Det vert eit år der du er mykje på tur. Likevel er kanskje den viktigaste reisa inni deg sjølv.

Det meste av det beste:
Israel & Palestina | Tanzania | Sør-Afrika | Safari.Sunnmøre  | Safari Mikumi National Park | Cape Town, Soweto, Durban & PMB | Robben Island | Jerusalem, Hebron & Bethlehem | Vertsfamilie | Møte med Masai og Beduin | Guida turar | YWCA & YMCA | Globalt medborgarskap | Aktuelle globale spørsmål | Refleksjon & diskusjon | Reiseførebuingar | Sang, musikk & dans | Friluftsliv & aktivitetar | Ekstremsport i Sør-Afrika (individuell betaling)

Sjekk ut YouTube-kanalen
Sjekk ut skulebrosjyra på nett

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.